SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 91 skann 93

91 drift — vass-saga. Ny fiskerikdom: Silda i Vika og ved veststranda. Jarn-, kopar- og sylvverk. Enno er det utlendingar som kjem og hentar dei norske varene : nederlendingar — seinare engelskmenn. Men når nederlendingane og engelskmennene låg i ufred, skaffa nordmennene seg skip sjølve og førde ut varene sine. Etter kvart hadde nordmennene fleire og fleire skip i fredstid 6g. Norsk skipsfart tek til åfå noko å seia. b. Nye samfunnslag: Bøndene heldt på med jordbruket sitt som før — og dei var dei fleste. Men jamsides med jordbruket tok dei til å driva med tømmer og med å brenna og køyra trekol for bergverka. Dei selde av det dei produserte på gardane sine, til dei som berre dreiv bergverk, handel, arbeid ved sagbruk. Kjøpmenn, bergverksfolk, arbeidsfolk, embetsmenn er nye samfunnslag. c. Reformasjonen i Noreg (frå 1537): Korleis folket tok imot den nye læra. Ny kyrkjeskipnad (luthersk). Erkebiskopen borte. Kongen herre over kyrkja etter strid. Ein skildrar det i samband med striden mellom Kristian 111 — Olav Engelbrektsson. Kyrkjegodset går over til krongods. Dansk vert skriftmål i Noreg. d. Kristian IV (død 164 8) og i samband med han tilhøvet mellom Danmark og Noreg: Ein konge som er i København. Sams regjeringskontor for dei to rika. Sams flote for dei to rika, men eigen norsk her. Ufred fleire gonger mellom Danmark — Noreg og Sverike i 16. og 17. hundreåret endar med at nye grenser vert fastsette endeleg i 1660. Kongen må selja jordgods som går over til kjøpmenn i byane og embetsmenn og seinare til leiglendingane. Talet på sjølveigande bønder stig. I samband med den stutte omtala av ufredane (ikkje detaljar, ikkje årstal) fortel ein om Sverikes freistnader på landvinningar i tida 1500 — 1660: austetter i Øystersj ølanda, vestetter i Noreg. Trondheim teken av svenskane ein gong. Dei prøvde åta Finnmark, men så freista Danmark-Noreg å steng) a vegen for Sverike til havet i vest — Gotaelv-osen. Gustav Adolf med i 30--årskrigen. Grensene i Norderlanda 1660 — dei vi har no. «Bondefredane».
Skann 93 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 91». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/93/