SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 90 skann 92

90 k. Kalmarunionen (1397 ) — skildra sterkt forenkla: Viktig at Noreg og Danmark får sams konge. Sverike dg for ei tid, men Sverike greier å koma seg or sambandet. Noreg greier det ikkje. Landet tunt folkesett og fattig etter mannedauden. Hanseatane har fått tak i utførsla over byane. Danskar får stillingar som kongens tenarar — embetsmenn. 6. skuleåret. Med 6. skuleåret skulle det vera råd for borna å skjøna tidsavstand når utgreiinga vert gjord så klår som mogeleg t. d. ved at ein let dei stø seg til grafisk framsyning. Dei skulle og ha visse vilkår for å skjøna einfelt historisk samanheng. Ein stør stendig opplæringa til kart og bilete. Tida ikring 1450 til 1814. 1. Dei store oppdagingar og oppfinningar (ikring 1500): Europearane lærer å kjenna meir av verda. Den verda romarane kjende på Augustus si tid. Den verda Gregor VII og Sigurd Jorsalfare kjende. Ferdene til Kolumbus og Vasco da Gama. Kvifor europearane no kunne våga seg ut på heimshava. Betre seglskuter og sjømannsskap. Kompas. Det som dreiv europearane ut på oppdagingsferder. Dei gamle handelssambanda austetter vert stengde av eit nytt hermannsfolk som trengjer fram — tyrkane. Bokprentarkunsten. Krutet. 2. Martin Luther og reformasjonen (ikring 1520). Calvin 1 (stutt). 3. Trettiårsufreden (slutt 164 8) (stutt): Både ein strid mellom katolikkar og protestantar og mellom keisaren i det tysk-romerske riket og einskildfyrstane, mellom keisaren og kongen i Frankrike. Tyskland meir kløyvt, utarma. 4. Noreg ikring 150 o—l 66 0. a. Nye næringsvegar: Dei store oppdagingar, aukande folketal og varebyte i Vest-Europa, aukande skipsfart skaper større etterspurnad etter varer Noreg kan skaffa: Fisk, tømmer, jarn. Ny reiskap i bruk: i fisket — torskeliner, i skogs- 1 Dette går ein nøgnare igjennom i kyrkjesoga.
Skann 92 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 90». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/92/