SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 89 skann 91

89 2 2 4 Folkevandringane. Frankarriket og Romarkyrkja: Her fortel ein heilt stutt at framande — «barbarar» — braut inn over grensene til Romarriket, som vart delt opp i mange nye og mindre rike. Døme: Vandringa til vestgotane. Frankarriket var eit av dei nye rika. Karl den store (ikring 800). Gregor VII og kyrkjemakta. Eit mellomaldersgods og livet der. Ein mellomaldersby. Handverkarlag. Muhamed (ikring 600) og arabar-landvinningane — krossferdene (stutt). Noreg ikring 800 — 1500. a. Gard og bygd i sogetida: Reiskap, husvære, kledebunad, våpen, mat. Familie, ætt, bygd, ting. Hovdingar, dei som eig mykje gods — sume av dei vert kalla småkongar. b. Harald Hårfagre: Han freistar samla desse småkongerika. Vinn over småkongane i Havsfjord (872). For alderen skuld kunne Karl den store vori oldefar til Harald. c. I Noreg hadde mange vori på viking ferder: Vikingskipa. Leidang. Dei same årsakene som dreiv nordmenn, svenskar og danskar på vikingferder, dreiv og nordmenn vest over havet på leiting etter nytt land — Vesterhavsøyane. Island. Håkon den gode. Olav Tryggvason (stutt). Over hundre års strid før heile Noreg vart samla att av d. Olav Haraldsson (død 1030 j: Han prøvde å kristna nordmennene. Olav kom i strid med kongane i Danmark og Sverike. Danmark hadde då vori eitt rike i over 100 år. Sverike var nyst samla. Var ikkje nåme nær så stort som no. e. Sigurd Jorsalfare (død 1130) og Øystein. Sigurd og norske stormenn med han drog på krossferd. Øysteins arbeid heime. (Øystein ein av dei fyrste kongane i Noreg som kunne lesa og skriva. Olav Kyrre var kanskje den fyrste.) f. Kyrkja i Noreg vert samskipa: Erkebiskop i Nidaros. Borgarkrigane — ein nemner berre at det var strid mellom stormennene i dei ymse landslutene. g. Kong Sverre: Strid med stormennene og med kyrkja, h. Håkon Håkonsson. Magnus Lagabøter. i. Den store mannedauden 1350 ( svartedauden ). j. Samfunnsbilete frå Noreg straks etter mannedauden: Godseigarane — kyrkja — klostra. Byar — torskefisket i Lofoten, og Bergen. Hanseatane.
Skann 91 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 89». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/91/