SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 88 skann 90

88 5. Livstilhøve i Noreg i steinalderen: Veidefolket Vistefunnet e. 1. Reiskap dei hadde. Korleis dei budde. Kva dei åt. Husdyr dei hadde. Det fyrste jordbruket. Handel med steinreiskap. Steinaldersgravfunn. 6. Bronse-steinaldersliv : Hovdingrøysar. Meir samla busetjing der det var lettast å rydja jorda — dei fyrste samfunna. 7. Jarnalder. Jarnvinne. Reiskap og våpen frå ymse periodar, eit par av dei viktigaste (øksa, hakka, den eldste plogen). Litt om den gamle gudelæra. 8. Det gamle Egypt. Det vi veit om livet der, samanlikna lekk for lekk med det borna før har fått vita om steinaldersliv i Noreg. Ei steinaldersgrav i Noreg — ein pyramide i Egypt, jordbruksreiskap - — — jordbruksreiskap - — bustader - — — bustader - klede - — — klede i — osb. Nil-overfløyminga og utjamninga av flaumen krev samarbeid — samskipnad. Statsmakt — kongar (farao). Dei store byggverka vert reiste med trælar til arbeidskraft. Omfram Egypt fanst det andre storrike i elvedalar rundt det inste av Midhavet og austetter i Asia: Babylonia, Assyria, India, China. Dei vert berre nemnde — deira soge går ein ikkje igjennom. 5. skuleåret Gamletida og mellomalderen til ikring 1500 e. K. I dette året tek sogeopplæringa i vanleg meining til, men stendig med hovudvekta på dei konkrete livstilhøva — etter kvart feste til forteljing om namngjetne historiske personar — stendig stødde til bilete, tiJ teikningar som borna gjer, og til museumsvitjing dersom det er høve til det. Tidsavstand må ein freista gjera tydelege ved grafiske framsyningar, omskifta i dei tilhøve som ein skildrar, ved samanlikning mellom dei same slag ting (t. d. dei same slag reiskap) i dei ymse tidbolkane og dei ymse samfunna ein fortel om, og ein let borna teikna nokre av dei tinga ein skal samanlikna. 1. Romarriket. Cæsar. Augustus (ikring K. f.). Samfunnstilhøve i keisartida: Borgarar, frie menn, trælar. Kristendomen.
Skann 90 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 88». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/90/