SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 190 skann 192

190 9. Der handarbeidet vert teki i serskilde kurs, går ein ut frå at det vert 72 timar årleg. Er det høve til det, bør ein ta faget inn i den vanlege skuletida. Dei som har lengre tid til handarbeid, kan ta med det som høver av handarbeidsplanen for byskulen. IV. Arbeidsplan for skuleåra. 4. skuleåret. Borna skal få øving i rett hand- og nålføring. 1. For- og attersting: Nålbok eller lommedukmappe. 2. Falde- og kastesting: Syveske eller arbeidspose. Spøting: Opplegging, rettspøting, rund kant, kjcdemoskekant r av f elling. Til modellar kan ein nemna: Penneturkar, gryteklutar. Utfyllingsarbeid : Jumper til gymnastikkdrakt (av farga bomullsgarn). Spøta dokkeklede, stropper, overtrekk til hengjarar, sy brikke, dokketeppe. 5. skuleåret. Framhald med å øya forsting, faldesting, kastesting, attersting. Døme på modellar: Underkjole eller forkle. Spøting: Rundspøting, vrangspøting, felling, å ta opp moskar, å skøyta garn. Døme på modell: Vottar. Utfyllingsarbeid: Å hekla einfelte smale blonder til underkjolen. Saum: Pyntesting til forkleet eller underkjolen. Falda handklede, serviett. Dersom jumperen ikkje vert ferdig i 4. skuleåret, gjer ein han ferdig no. 6. skuleåret. Borna får oppøving i å bruka og stella symaskin. Indresaum. skråbelegg. Modellar: Vanleg bukse eller gymnastikkbukse. Indresaumar og faldar vert sydde på maskin. Mønsteret vert tillempa etter individuelle mål. Spøting: Å fella av hæl og tå.
Skann 192 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 190». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/192/