SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 189 skann 191

189 11. Minstekrav. Elevane må kunna: 1. saum med hand, dei ymse slag sting, som det vanleg vert bruk for, og som er grunnlaget for alt syarbeid, 2. stopping, lapping og spøting, 3. klippa ut etter mønster og sy einfelte plagg til seg sjølve, og skal ha lært så mykje om dei viktigaste råstoff at dei kan nytta stoffet på ein praktisk og økonomisk måte, og dei skal kunna bruka og stella ein symaskin, 4. litt einfelt prydsaum. 111. Rettleiing 1. Stoffet til fyrste sy arbeidet (for- og attersting) bør vera grovt (helst aidastoff), så stingene kan falla lett, av di barnet har strev nok med ty-, hand- og nålføring. Når dei skal læra faldesting, er det best å nytta smårutut ty. I rutene har barnet ei hjelp når det skal øya seg i å føra nåla under faldinga. Det hjelper til sikker nålføring om ein nyttar smårutut ty andre året og. 2. Lærarinna sine krav til orden og fint fråseggjort arbeid må retta seg etter evnene til barnet. Ho må alltid hugsa at modet og arbeidsgleda hjå barnet må styrkjast. 3. Modellane må stetta pedagogiske og estetiske krav, og vera i samsvar med tida. Ein skal ta omsyn både til mode og praktisk nytte. Ein må difor byta ut dei gamle modellane i nye når det trengst. 4. For kvar modell må (borna koma til klårleik over forma. Mønster til seg sjølve kan dei laga ved å brigda på eit gjevi mønster iså det høver etter eigne mål. Val og forming av mønster og snitt vert drøfte i klassa. 5. Er det små parti, må lærarinna kunna, læra borna ymse teknikk : hekling, fletting, slå snorer, -veving på kam osb. Alle born bør få høve til einfelt dekorasjon. 6. Borna bør serleg dei siste skuleåra læra å skjøna at eit arbeid ikkje berre skal vera vent, men og gå snøgt frå hand. Men skal arbeidet gå snøgt, må dei ha god sauimteknikk, omtanke og kunnskap om korleis ein skal leggja arbeidet til rette for maskin. I 6. og 7. skuleåret bør ein rekna ut prisen på arbeida. 7. Gjennom heile skulen må og lærarinna passa på at borna ikkje får vane til å sitja på ein slik måte når dei arbeider, at det kan verta skadeleg for helsa. 8. Det bør på jamnen ikkje vera meir enn 15 elevar på kvart handarbeidsparti.
Skann 191 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 189». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/191/