SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 153 skann 155

153 3- skuleåret 1. Å ta opp att addisjons- og subtraksjonstabellen med lesing og øving med høvelege oppgåver. 2. Rekkjeteljing som innleiing til multiplikasjon. 3. Em bygjer opp og lærer den vesle multiplikasjonstabellen. 1 k. Multiplikasjon med opptil tosifra multiplikand og einsifra multiplikator. 5. Å utvida talrekkja til 10 000. Teljing, talskriving og tallesing. 6. Multiplikasjon med to- og tresifra multiplikand og ein- og tosifra multiplikator. 7. Divisjon: 1) Ein brukar multiplikasjonstabellen ved divisjonen 56 : 7, 72 : 8 osb. 2) Omgrepa \, \, \ osb. inntil gjer ein klåre for elevane og brukar dei ved divisjonen: Kor mykje er halvparten av 8, fjerdeparten av 36, sjuandeparten av 49 osb. 8 Multiplikasjon med 10, 100 og 1000 utan oppsetjing. Ein tek og med heile tiartal: 7x6, 70 X 6 osb. 9. Oppgåver i addisjon og subtraksjon med firsifra tal og addisjon med opptil 6 addendar. 10. Mynt og mål. Å gjera om til lågare og høgare einingar: Km og m og kg og g, hl og 1, 1 og dl. 11. Tidseiningar : Timar, min., sek. — elles åta opp att det som er lært 2. skuleåret. 12. Praktiske oppgåver: På jamnen oppgåver som berre krev ei rekningsart. Litt om kva elevar på dette steget greier av rekneproblem — sjå I, tillegget. 1 Når elevane skal læra multiplikasjonstabellen, kan ein — om ein vil — korta han sameleis som ein kortar addisjons- og subtraksjonstabellen, med å føra opp berre ein gong dei lekkane som har aame faktorane, og med å stryka alle lekkar med faktoren 1 og 0.
Skann 155 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 153». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/155/