SKARD English

Normalplanen 1939 · landsplan s. 150 skann 152

150 k. Heimearbeid. Ein bør vara seg for å gjeva elevane for mykje heimearbeid i rekning. Serleg når det gjeld praktiske oppgåver, spørst det ikkje fyrst og fremst etter oppgåvemengda som ein reknar, men etter om elevane arbeider oppgåvene grundig igjennom, så dei forstår dei. Kor mykje heimearbeid ein skal gjeva, står på fleire ting, t. d. lengda på den daglege skuletida, arbeidstilhøva i heimen og evnene og arbeidskrafta til barnet. Ein må omhugsamt avmåta arbeidet etter det dei einskilde elevane på rimeleg måte kan greia. 4. Læremiddel. Skulen må ha dei naudsynlege hjelpemiddel. Det finst ei mengd med åskodingsmiddel for rekneopplæringa, men det er til vanleg korkje turvande eller bra å bruka flokute og dyre hjelperåder. Serleg på næmingssteget er det mykje om å gjera at kvar av elevane har eitt einfelt og godt åskodingsmiddel som han kan ta til hjelp så snart det trengst. V. Arbeidsplan (or skuleåra. I samband med det stoffet som er ført opp under dei ymse punkta i planen, tek ein praktiske oppgåver såleis som det best høver. 1 Om praktiske oppgåver — sjå 111 bolken, 2. punktet. Mot slutten av skuleåret gjev ein oppgåver i heile årspensumet. 1. Teljing (lettare rekkjeteljing og) og talframstelling med hjelp av åskodingsmiddel i talrekkja I—2o.1 — 20. Når elevane er støe i å skjøna tal, lærer dei å skriva siffera. 2. Addisjon og subtraksjon til 20 utan overgang til tiar: 1) Tala I—lo.1 — 10. Ein går grundig igjennom alle talsambindingar i addisjon med 2 addendar og subtraksjon: 4 -(- 4, 2 + 1, 3 + 4 . . . . ; 8 — 4, 2 3 — 1, 7 — 3 . . . . Etter kvart som borna lærer å skjøna talsambindingane (d. e. lærer- å skjøna at 3 + 2 er lik 5, at 2 + 1 er lik 3 osb.), 1 Kva elevane greier av rekneproblem og praktiske oppgåver, får ein noko greie på i St. R., R. og Fritz Wigforss' arbeid om standardisering av stand- punktprøver i problemrekning, såleis i skrifta Rostads råkneundersokningar 19-34, Kalmar, o. fl. 1 Ein skriv allstad — , ikkje 1. skuleåret.
Skann 152 av Normalplanen 1939 · landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1939 · landsplan, s. 150». Versjon 2026-09-28. /planer/n39/n39-land-komplett/s/152/