SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 82 skann 86

HUSLEG ØKONOMI. I. FLYTTEKJØKKEN. Målet er å fremja sansen og vyrdnaden for praktisk arbeid og å gjeva nokor øving i å stella vanleg mat, baka, vaska og gjera reint. I matstellet legg ein vekt på; 1. Reinsemd og orden. 2. Sparsemd med tid, arbeid, råvaror og pengar. 3. Vitug matsamansetjing. 1 matvarelæra tek ein med kvar ein fær matvarone frå, kva emne dei inneheld, korleis ein skal utnytta dei og samsvaret millom næringsverd og pris. Klasseundervisning! Ein lyt få elevane til å samla seg um ein ting um gongen. Uppgåva for dagen bør helst kvar elev løysa for seg, eller tvo og tvo bør arbeida i lag. — Alt undervisningstilfanget, kokekjerald, fat o. a. må vera avmåta etter alderen og kreftene åt elevane. Undervisningi må nøgje knyta seg til naturfagundervisningi og arbeidet i skulehagen. PLAN for skulekjøkenskeid på 3 —6 vikor i landsfolkeskulen. VINTERSKEID. 6. skuleåret. Matvarelære og framsyning — 1 time. L Innleiding. Hovudreglar. Skiping i arbeidsgruppor. Arbeidsskipnad. 2. Vatn. Uppvaskreglar. 3. Næringsemni i mjølk.
Skann 86 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 82». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/86/