SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 58 skann 62

58 RETTLEIDINGAR. 1. Undervisning! i natursoga må byggja på det som barnet sjølv ser, og det skal i denne undervisningi læra seg til å ansa på naturi med umtanke. Der det let seg gjera, lyt ein syna fram og granska sjølve naturtingi. Av mindre plantar bør kvart barn ha sitt eksemplar; med læraren til rettleidar granskar so borni dei i klassen. Er det råd, bør borni og få høve til å fylgja korleis plantane veks. Av desse grunnane må ein driva undervisningi dei årstidene det er høve til å få tak i og sjå på friske plantar. Er det sjeldsynte plantar, som ein bør verna um, må ein ikkje taka meir enn eitt eller eit par eksemplar. Til undervisningi i soologi bør skulane etter kvart få ei samling av utstoppa dyr og fuglar, beingrindar, bein, skal o. a. Hev ein ikkje sjølve tingi, nyttar ein modellar og plansjar til upplæringstilfang. Ein tek ikkje med dyr og plantar som borni ikkje hev set, minder ein hev bilete av dei. 2. So langt råd er, bør ein ogso knyta undervisningi i naturlære til det som barnet hev set i dagleglivet; men her er ovringane jamnast so samansette, at ein må gjera dei meir einfelde med kunstige røyne. Mange røyne kann borni gjera sjølve med læraren til rettleidar, og so langt det i det heile er råd bør dei sjølve f inna ut dei lærdomane røyni gjev. 3. Naturfagundervisningi skal læra barnet å skyna den lovbundne samanhengen som råder både i den livlause og i den levande naturi. Når det gjeld naturlæra, er dette ein sjølvsagd ting, I den organiske naturi kjem ikkje det lovbundne so klårt fram, og læraren lyt difor få borni serskilt til å akta på det. Millom dei lovene som mest fell i augo i den organiske naturi, kann t. d. nemnast at bygnad og levevis er avmåta etter tilhaldsstaden og skifter når livshøvi skifter (kulturplantar, husdyr), og at alle kvikjende er sambundne med kvarandre. (Dyr lever av plantar eller andre dyr, insekt-mjøling o. s. b.). — Undervisningi i naturfag skal ogso opna augo hjå borni for at alt i naturi tener visse fyremål, og få dei til å sjå kor ven naturi er, so ho kann vekkja deira interesse og glede. 4. I botanikk og soologi legg ein hovudvekti på dei plantar og dyr som hev serleg verd for menneskja. Hus-
Skann 62 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/62/