SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 57 skann 61

å dela klassen i parti i desse fagi. Til naturlæra Tør likevel dei større borni få serskilde timar heile skuleåret igjenom. I desse skulane må læraren stå mest; mogleg fritt, både når det gjeld å velja tilfang og å skifta tidi millom dei einskilde greinene av naturfagundervisningi. Plantelæra lyt ein ogso her leggja til vår og haust, og skuleåret bør som regel slutta med ei gjenomgåing av mannekroppen og helselæra. Serleg i desse skulane lyt hovuduppgåva vera å hjelpa borni til å sjå paa eigi hand. I 2-delte skular, der dei 4 årskulli i 2. deildi vert underviste samla, vil det svara seg best å taka serskilde timar i natursoge og naturlære heile skuleåret igjenom. Ogso her lyt ein taka plantelæra haust og vår og slutta skuleåret med å gjenomgå mannekroppen og helselæra. I natursoga bør ein gjenomgå pensumet åt 4. års kull det eine året og åt 5. års kull det andre. I naturlæra på same vis pensumet for 6. års kull det eine og for 7. års kuli det andre året. Ogso for desse skulane er det naudsynt å tilmåta undervisningstilfanget, so ein berre tek med det mest typiske på kvart steget. Læraren lyt ogso her ha nokon valfridom, både når det gjeld tilfanget og når det gjeld å byta tidi millom dei einskilde greinene av faget. r I 3- og 4-delte skular vil kvar av klassane i 2. deildi T~ ’ oftast ha 2 årskull. I fyrste klassen i 2. deildi tek ein • natursoga, og i øvste klassen naturlæra og mannekroppen med helselæra. I natursoga tek ein helst pensumet for 4. års kull det eine året og pensumet for 5. års kull det andre. I øvste klassen bør ein gå fram på liknande vis med undervisning i naturlæra. Men ogso her bør ein gå igjenom mannekroppen og helselæra i slutten av skuleåret. Undervisningstilfanget bør ein gjera noko einfeldare og avmåta etter tilhøvi på staden. Serleg kann ein gjera ljos- og ljodlæra einfeldare. mm- l 5-delte skular^ må ein til vanleg fylgja same fram——gangsmåten som nemnt for dei 3- og 4-delte, medan ein i dei 6-delte stort set kann fylgja planen for 7-delte skular med sume lempingar når det gjeld 6. klassen. Både i dette faget og i fleire andre vil undervisningi lett verta noko springande i alle skular med ufullstendig klassedeling, men læraren lyt alltid freista få so god framskridande samanheng i undervisningi som det er høve til. 57 naturfag, geografi og soge: det vil nemleg vera vandt
Skann 61 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 57». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/61/