SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 43 skann 47

1 2 3 4 pen 1 2 GEOGRAFI. MÅL. Stød kjennskap til fedrelandet. Kjennskap til dei einskilde landi i Europa, Ei oversyn over dei framande heimsbolkane. Kjennskap til det viktigaste av den matematiske og fysiske geografien. PLAN. 1. —3. skuleåret. Fyrebuande undervisning under heimbygdskunnska- 4. skuleåret Norig. Ein bør ha greidt ut um heimbygdi i 3. skuleåret. Landsluten som heimbygdi høyrer til, og kann henda dei næraste landslutene bør ein ogso ha greidt ut um i 3. året. Ein tek fyrst ein repetisjon av heimbygdi og det tilfanget som elles er gjenomgått i 3. skuleåret. Samstundes held læraren fram med å læra bornd å skyna og å nytta kartet. (Rettleiding 1). So tek ein dei andre landslutene, ein for ein, til heile landet er gjenomgått (sjå serleg Rettleiding 5). For kvar landslut held ein då fram det som er sermerkt i naturtilhøve og livsvilkår. Når ein på denne måten hev gjenomgått alle landslutene, tek ein til slutt ei oversyn over heile landet under eitt. Ei orientering um landi i Europa, serleg dei som ligg Norig nærast, og dei som vert nemnde i sogepensumet åt klassen.
Skann 47 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/47/