SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 42 skann 46

3 4 o 6 vekt på å gjera dette like so levande i forteljing og skildring som krigarlivet. Frå heimssoga tek ein med hendingar som hev havt serleg verd for fraravokstren i vårt land; ein bør alltid leggja dei fram for elevane slik at samanhengen millom hendingane ute i verdi og hendingane her i landet kjem tydeleg og klårt fram. Brukar ein ikkje serskild lærebok i heimssoge, må læreboki i Norigs soga ha det heimssoge-tilfanget som trengst. Læraren må ikkje taka til for tidleg med å gjeva heimeleksor i soge, (sjå Rettleiding 1), og når han gjer det, må han ha gått gjenom so grundig på skulen det borni skal ha til lekse, at dei hev eigna til seg hovudinnhaldet fyrr dei vert sette til å læra det heime. Borni må ikkje få lov å pugga leksone utanåt, dei skal gjeva forteljingane att fritt og naturleg på sitt eige målføre. Historiske bilete, kart, teikningar og rit på veggtavla nyttar ein flittig. Dei stadene som vert nemnde i sogetimane, viser ein på kartet. Barnet bør ha små teiknehefte til å bruka i sogetimane. Hev læraren reidskapar eller andre ting frå eldre tider å syna borni, so er dette sjølvsagt det aller beste, Ein nyttar historiske dikt, t. d. av Sivle og Bull. Songar som høver til det emnet ein hev fyre seg, syng ein i timen. Ein tek ofte stutte utsyner over det som er gjenomgått. 42
Skann 46 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 42». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/46/