SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 41 skann 45

2 o O 1 2 — Henrik Wergeland. — Nasjonal renessanse. — (Soge, folkeminne, dikting, målstrev). Arbeid for næringsliv og samferdsle, Schweigård og Fr, Stang. — Arbeidarrørsla (Thrane). Demokrati (Sverdrup og Jaabæk). Avhaldsrørsla (Kloster). — Bjørnson, Ibsen, Camilla Collett (Kvinnesaki), Aasen, Vinje. Riksrådsaki, vetostriden. Flaggsaki. Demokratiske umbøter, — 1905 (Chr. Michelsen). — Storindustri og arbeidarspursmål. — Utvandring. Frå heimslivet i nytidi: England heimsmakt, koloniar, Gladstone. Den nordamerikanske borgarkrigen. Lincoln. Krigane millom Danmark og Tyskland. Den fransk-tyske krigen. Bismarck. Sosialismen. Verdskrigen 1914—1918. Fredssaki. Grunndrag or statsskipnaden og den kommunale skipnaden hjå oss. RETTLEIDINGAR. Gjenom alle skuleåri lyt den munnlege forteljingi til læraren vera grunnlaget. Han bør difor allstødt fyrebu seg vel til sogetimane, so han kann fortel ja klårt, livfullt og fengslande. I det heile lyt han leggja vekt på å vekkja interessa for soga og hug til historisk lesnad. I dei siste skuleåri bør borni få rettleiding til å velja sogebøker til å lesa heime. Boksamlingane til skulen bør ha eit fullnøgjande stort utval av gode sogebøker. Undervisningi i soge skal taka sikte på å gjeva borni eit rett og nokolunde heilt bilete av dei historiske hendingane og av den historiske framvokstren. Soga lyt difor ikkje berre verta forteljingar um einskildmenn, um kongar og hovdingar, deira liv og storverk. Borni lyt ogso få høyra um livet og livskåri åt folket i dei ymse tidbolkane, folket i arbeid og slit, i krig og fred, i gode og tunge tider for landet. — Berre dei krigane vert tekne med som verkeleg hev sett merke etter seg i folkelivet og rikslivet. Det er det fredelege arbeidet som ber samfundet, og skaper grunnlaget for all framgang og vokster. Læraren lyt difor leggja 41
Skann 45 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 41». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/45/