SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 11 skann 15

Dei bolkane ein skal gjenomgå i skuleåret, lyt ein velja ut med umhug, — det må vera ein samanheng og ein fast plan i undervisningi. Stykke som borni kjenner frå bibelsoga, og einskilde andre lette bolkar, les ein kursorisk; læraren gjev då her berre dei upplysningane og utgreidingane som borni aller mest treng. Viktige stykke som borni ikkje kjenner frå fyrr, går han nøgje igjenom. I alle høve lyt han gjeva dei upplysningane som trengst — geografiske, historiske o. s. b. — Fyrr timen sluttar, lyt borni få vita kva stykke dei skal ha næste time, so dei kann lesa det igjenom heime. Katekisma. Naar ein fyrste gongen går igjenom katekismetekstene, tek ein med bibelhistoriske forteljingar og knyter dei nøgje til tekstene. Ogso i dei høgare klassane må læraren i katekismeundervisningi si byggja på dei kunnskapane borni hev i bibelsoga, so langt det let seg gjera. Den kristelege morallæra må han dessutan klårleggja ved praktiske døme frå dagleglivet. Serskilde katekisme-timar skal ein ikkje hava fyrr i 5. skuleåret. Det krevst at borni lærer katekismetekstene utanåt, og — saman med dei — eit utval av skriftord. Luthers forklåringar les ein og går igjenom. Katekismetekstene og skriftordi må borni læra. Kyrkjesoga. Ein greider ut um dei aller viktigaste hendingane og menneski i kyrkjesoga. Hendingar og menneske som hev liavt serleg verd for vårt land, legg ein sers vekt på, — kyrkjesoga og Norigssoga knyter ein saman. Salmar og songar brukar ein på alle steg. Dei bør ikkje vera vanskelegare enn at borni med nokre stutte forklåringar kann skyna og eigna til seg innhaldet. Salmane knyter ein nøgje til undervisningi elles, slik at dei tener til å fylla ut og kasta ljos over emnet ein held på med. Salmar som er bygde på bibelhistoriske forteljingar, tek ein saman med deim. — Salmar som klassen skal læra, går læraren grundig igjenom, og let klassen lesa og syngja dei fleire gonger. Når borni ved gjenomgåingi på skulen hev eigna til seg innhaldet, kann læraren gjeva eitt eller nokre få vers um gongen i heimelekse. Dei salmane som klassen 11
Skann 15 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 11». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/15/