SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 10 skann 14

10 men. Metodismen. Upplysningstidi. Hans Nilsen Hauge. Grundtvig, Landstad og Blix. Bibelselskap og misjonsselskap. Kyrkjeleg arbeid i dei einskilde kyrkjelydane. RETTLEIDINGAR. Læraren må alltid hugsa at det borni lærer i religionstimane, skal dei læra til grunnlag for trui si, og til regel for livet sitt. Alle greiner av faget må knytast nøgje saman. Bibelsoga må vera det viktigaste i undervisningi i kristendomskunnskap. Til forteljingane kann han knyta samrødor. Dei må vera stutte, og falla slik at dei tener til å kasta ljos yver emnet. — Dei naudsynlege geografiske, historiske og kulturelle upplysningane gjev læraren, anten medan han fyrebur stykket eller i samrødone um stykket etter at det er fortalt. Vidsveimde tolkingar og utleggjingar bør ein ikkje gjeva seg inn på. Hovudsaki er at forteljingane vert gjorde so levande som råd er, slik at dei fangar interessa hjå borni og verkar på deira kjensle- og viljeliv. I dei tvo fyrste skuleåri vel læraren forteljingane utan umsyn til den historiske rekkjefylgja, — han legg berre vekt på at dei er lette og høvelege for små born. I 3. skuleåret vert dei einskilde forteljingane samla til samanhangande livsbilete av dei fremste og beste menn og kvinnor i bibelen, og dei livsbileti bør ein då helst taka i historisk rekkjefylgje. Lærebok bør ein ikkje bruka i dei tri fyrste skuleåri. 1 4., 5. og 6. skuleåret les ein den bibelske soga i samanheng; ein bør då fylgja læreboki i dei store drag. Læraren bør aldri gjeva noko bibelsogestykke til heimelekse fyrr det er gjenomarbeidt på skulen. Ikkje på noko sl eg må borni få lov til å pugga leksone og ramsa deim upp ordrett — borni må stødt gjeva att forteljingane mest mogleg med eigne ord. Bibellesingi tek til i 6. skuleåret. Det skal vera ei utviding av undervisningi i bibelsoga. Borni må alle ha kvar sin bibel. I 6. skuleåret tek ein Apostelgjerningane, i 7. skuleåret eit av evangelii, men i båe skuleåri bør det eigenlege pensumet utfyllast med å lesa einskilde stykke or andre skrifter i bibelen. Ein må venja borni til å «finna fram» i bibelen.
Skann 14 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 10». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/14/