SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 112 skann 116

etter måten dyr. Betre er tavlor av papp eller linoleum. Dei rivnar ikkje og er billegare, men dei vert lett blanke. Skifertavlone er likso billege som tretavlor og mykje betre. Aller best, men dyrast, er glastavlone, svarte på eine sida, kvite på hi. Slike bør finnast i kvar teiknesal. I kvart klasserom bør det ikkje berre vera ei tavle over katetret, men ogso samanhangande tavle på dei veggene, som er utan vindaugo. Ein treng berre sparkla ein del av panelvegg-flata, pålag 1 m. breid. Um mogleg kann her heile klassen arbeida samstundes med læraren til kontroll. Tavla bør ein laga so nær golvet at alle borni kann nå upp. Fargen bør ikkje vera heilt svart, men ha ein dåm av grønt, brunt eller blått. Nedantil bør det vera ei smal listhylle. Tavla må ein halda heilt rein med svamp eller klut, elles vert ho stygg og vond å skriva på. Forutan kvitt krit lyt kvar klasse ha farga krit; papir utanpå bør ein ikkje nytta. Kvar skule lyt ha inventarrom med so mange skåp som trengst til å forvara læregognene. Læraren lyt syta for at læregognene vert forsvarleg handsama. Kyrkjedepartementet vil regelvisst med 2 —3 år millomrom senda skulestyrt ei liste over det minimum kvar skule bør ha av undervisningstilfang, og over handbøker og andre hjelperåder. 112
Skann 116 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 112». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/116/