SKARD English

Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan s. 111 skann 115

UM LÆREGOGNER I DET HEILE. Kvar skule lyt ha dei læregogner som trengst. (Skulelovi § 13). Det beste undervisningstilfanget er den røynlege tingen, framurn alt set på den staden han høyrer heime. Difor er skuletnrar (nøgje planlagde) sers årå til. Sume ting kann borni hjelpa til å få i, hovudskåler, insekt o. s. b. Når ein kjøper utstoppa dyr, må ein ver a vår, for utstoppingi er sumtid mindre god. Ein bør noko um senn freista skaffa so mange modellar som mogleg, til å bruka i synings- og heimbygdsundervisningi i 1. deildi og naturfagundervisningi o. s. b. i 2. deildi. Sumt kann læraren sjølv laga til, i nokon mun saman med borni (t. d. sandkasse til å klårleggja geografiske grunnumgrep). Sumt kann kanskje borni laga sjølve i sløydtimane. Når ein skal kjøpa bilete, plansjar og kart, bør ein visa kritikk og varsemd. Berre det beste er godt nok. I bruk bør ein fara fint med dei. Når ein hev nytta dei, må ein setja dei på plass. Uppklistringi bør vera på papp eller lereft, kart til vanleg på lereft. Kart utan lereft kann ein rå til i små skular, når det er på sterkt papir. Bilete og plansjar bør ein klistra upp. I 1. deildi kann ein nytta lereftskart med upphengjingsråme. Der karti vert nytta berre i ein klasse, bør ein setja dei upp i råme under taket med upprullingsfjør. Krittavla (den svarte tavla) er kanskje eller burde vera den undervisningstingen som vert mest nytta i skulen, serleg i dei lågare klassane. Med ei lettare teikning, eit rit, og ei stutt forklåring, vinn ein meir enn med mange ord. Tretavla vert enno mest bruka; men ho vert lett vind og fær sprekkar. Målingi vert dårleg. Tavla er for liti og
Skann 115 av Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Normalplanen 1922 · nynorsk landsplan, s. 111». Versjon 2026-09-28. /planer/n22/n22-nynorsk-komplett/s/115/