SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 118 skann 120

118 sosiale grupper, for minoritetar osv. Litteraturhistorisk kunnskap må trekkjast inn for å gje elevane referansepunkt og linjer å orientere seg ut frå. Forfattarar og tidsepokar kan etter kvart setjast inn i samfunnshistoriske samanhengar og vise bakgrunn, føresetnader o.a. for dei ulike litterære tekstane. Drøfting av litteratur: Drøfting av tekstar kan ta til alt i dei fyrste klassane. På sjølvstendig grunnlag må elevane få seie kva dei liker og ikkje liker å lese, og grunngje det. Mest alle dei større tekstane elevane les og arbeider med, gjev uttrykk for eit menneskesyn og eit samfunnssyn. Dei seier direkte eller indirekte noko om fordeling av makt, om roller, om rettferd, om tilhøvet mellom dei to kjønna, om livssyn, etiske spørsmål, årsakssamanhengar, problemløysingar osv. Det er viktig at elevane kan få seie seg samde eller usamde i verdimønster og haldningar dei les ut av tekstane. Gjennom samtale med læraren kan dei nå djupare inn i tekstane og av og til verte i stand til å gjere det klart kva skrivaren vil oppnå. Når ein arbeider verdikritisk, er det naturleg å sjå tekstar i lys av dei verdiane skolen byggjer på menneskeverd og likeverd til dømes. Men ein kan og rette søkjelyset andre vegen: gjennom kritisk litteratur få hjelp til å sjå nærare på kva for verdiar skolen står for. Det bør vere ei fast ordning at elevane vurderer positive og negative sider ved dei tekstane som vert laga i klassen. I tillegg til innhaldet legg ein då også vekt på språkleg uttrykkskraft. Bibliotek: Skolebiblioteket må vere lett tilgjengeleg og velutstyrt. Elevane må tidleg lære å bruke biblioteket og få medansvar for det. Dei må oppmuntrast til å låne bøker og gjere seg nytte av oppslagsbøker o.a. Det er og aktuelt med mindre klassebibliotek. Klassebiblioteket kan innehalde fagbøker og skjønnlitteratur saman med elevproduserte tekstar og bøker. Det må vere eit rikt utval som møter interesser og behov hjå jenter og gutar. Kontakt med folkebiblioteket styrkjer låne- og lesevanane til elevane. Tekstar på hovudmål og sidemål: Forholdet mellom hovudmål og sidemål i det stoffet elevane les på kvart klassesteg, bør vere om lag slik: Oversikt over emne og aktivitetar - knytt til treårsbolkar: 1.-3. klasse Aktivitetar: Lytte, lese, framføre, dramatisere. Spekulere, fabulere, samtale, diskutere, studere, vurdere, kritisere. Le, gråte, grøsse, drøyme, kose seg, ergre seg. Skape grunnstemning, utgangspunkt for og ramme om skrivesituasjonar, lage «tenningspunkt» til eller innslag i større prosjekt. Ape etter, skrive om, skrive sjølv(stendig). Leve seg inn i mykje og gjennom mykje - miljø, historiske tilhøve, lagnader, hendingar. Skaffe seg allslags kunnskap. hovudmål sidemål 1.-2. skoleåret 1/1 3. » 5/6 1/6 4. » 3/4 1/4 5.-9. » 2/3 1/3
Skann 120 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 12

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 118». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/120/