SKARD English

Mønsterplanen 1985 · nynorsk s. 110 skann 112

KAPITTEL 18 110 NORSK Norsk er eit sentralt kultur- og tradisjonsberande fag og det grunnleggjande reiskapsfaget i skolen. Det skal gje kunnskap, dugleik og oppleving. Arbeid med litteratur står sentralt i faget og er ein integrert del av all norskundervisning. Som eige fagemne ber litteraturen oppe felles kulturelle verdiar, samstundes som han støttar opp om språklæringa. Språk er eit middel til å orientere seg i verda, til å få kontakt med andre og til personleg utvikling. Evna til å tenkje heng nøye saman med språkevna. Norskundervisninga må ta utgangspunkt i den språkevna elevane har, og det utviklingssteget dei står på, og støtte språkutviklinga deira på ulike måtar. Faget bør ta preg av den nære samanhengen mellom språk og læring. Språkstimulering og språkopplæring er eit ansvar for alle fag, men særleg for norsk. Samfunnet har bruk for aktive og medvitne menneske som gjev uttrykk for meiningar, tankar og kjensler - med evne til å formulere standpunkt og påverke samfunnsutviklinga. Slik er norsk også eit haldnings- og reiskapsfag. Mål Undervisninga i norsk skal utvikle elevane si evne til å lytte, snakke, lese og skrive, slik at dei greier å oppfatte andre og sjølv uttrykkje seg sikkert og variert gje elevane høve til aktiv språkleg samhandling - til å kommunisere i ulike samanhengar og for ulike formål - hjelpe elevane til å meistre reglar og normer for rett språkbruk hjelpe elevane til å meistre praktiske og sakprega språkfunksjonar i arbeids-, samfunns- og kulturliv gje elevane gode kunnskapar i hovudmålet, kjennskap til sidemålet og dialektar, og utvikle tolerante haldningar til språk og språkbruk
Skann 112 av Mønsterplanen 1985 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1985 · nynorsk, s. 110». Versjon 2026-09-28. /planer/m85/m85-nynorsk-komplett/s/112/