SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 323 skann 325

323 Russisk GRAMMATIKKMOMENT Den rettleiande lista nemner summarisk dei grammatikkmomenta som bør vere med i undervisningsopplegget i russisk. Uttale. Skilnad mellom stemde og ustemde konsonantar. Ustemd konsonant i utlyd. Assimilasjon mellom konsonantar. Skilnad mellom blaute og harde konsonantar. Markering av blaut konsonant. Reduksjon av vokalar. Alfabetet (trykkskrift og handskrift). Kjønnet til substantiva. Substantivbøying (hovudreglane) . Adjektivbøying (hård og linn.). Kortformer av adjektivet. Gradbøying av adjektivet. Laging av adverb. Gradbøying av adverbet. Grunntal og ordenstal (ikkje bøyinga av grunntala). Pronomen (jfr. vokabularliste). Personlege pronomen. Eigedomspronomen . Påpeikande pronomen. Spørjepronomen. Relative pronomen. Dei vanlegaste übundne pronomena. Det refleksive pronomenet. Presens av verba (e- og i-bøying) . Preteritum av verba. Futurum av verba. Imperativ 2. pers. eintal og fleirtal. Imperativ 1. pers. fleirtal. Dei viktigaste uregelrette verba (jfr. vokabularliste) . Refleksive verb. (også med passiv tyding). Rørsleverba (gå, kjøre, fly, symje, bere, springe, føre). Aspekta til verbet (hovudreglane for laging og bruk). Modale predikativ (mozno, nado, nuzno, nel'zja, dolzen). Konstruksjonar med «å ha» (u menja jest', u menja njet). Preposisjonar. Genitiv: bez, dlja, do, iz, krome, mimo, okolo, ot, posle, s, u. Dativ: k, po. Akkusativ: v, na, za, cerez, pod. Instrumental: za, nad, mezdu, pered, pod, s. Lokativ: v, na, o (db). Konjunksjonar : a, jesli, i, ili, kak, kogda, no, potomu cto, cto, ctoby. Bruk av ulike kasus. Nominativ : subjekt og predikatsord. Akkusativ : direkte objekt, tids- og målsakkusativ. Genitiv : eigedomsgenitiv, genitiv ved komparasjon, genitiv etter talord og mengd eord, genitiv i logisk subjekt (ved njet-konstruksjonar). Dativ : indirekte objekt (omsynsledd), dativobjekt (kva verb : jfr. vokabularliste) . Instrumental : instrumental om middelet, instrumental i tidsuttrykk, instrumentalobjekt (kva verb: jfr. vokabularliste), instrumental i predikatsord. Kasus etter dei viktigaste preposisjonane (sjå ovanfor). Manglande kopula i presens. Spørjeintonasjon (IX 2-4). Spørjepartikkelen li. Nektande setningar. Dobbel nekting. Uttrykk for ein. Datum og årstal. Klokkeslett. Etter som undervisninga berre går over to år, finn ein det ikkje naudsynt å fordele emna i to grupper. Det viktigaste av formlæra bør ein gjennomgå første året. Ein må passe på å introdusere nye moment, t.d. nye kasus, i ei rekkjefølgje som svarar til kor ofte desse fenomena finst. Kasus: nominativ, lokativ, akkusativ, genitiv, dativ, instrumental. Verb: presens (først e-bøying, så i-bøying), preteritum, futurum. Vanskelege syntaktiske emne (som rørsleverb og aspektbruk) bør ein vente med til andre året.
Skann 325 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 323». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/325/