SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 277 skann 279

277 Miljø- og naturvern Vår trivsel er avhengig av miljøet vi lever i. Omgrepet miljø omfattar i vidaste forstand ei rekkje sider ved menneskeleg liv og verksemd: bustad, heim og arbeidsplass, kommunikasjonsforhold og trafikkavvikling, ulike typar av estetisk verksemd osv. Særleg viktig som trivselsgrunnlag er naturen omkring oss. Vern av livsmiljø er ei sentral oppgåve i det moderne samfunnet, og i miljøvernet blir naturvernet ei av hovudoppgåvene. Skolen må lære elevane å forstå kor viktig naturen er for oss, ikkje berre økonomisk, men dg som kjelde til rekreasjon og som inspirasjon i forsking og undervisning. Dei farane som trugar livsmiljøet vårt ved omsynslaus utnytting av naturressursane, og ved ureining av jord, vatn og luft, må klårleggjast for elevane, slik at dei blir vekte til ansvar for å hindre øydelegging av naturverdiar, og dessutan blir stimulerte til å gjere ein aktiv innsats for å ta vare på verdiane for kommande slekter. Dei farane som trugar livsmiljøet vårt, kan ikkje klårleggjast utan at samspelet mellom organismane og omverda blir eit gjennomgangstema i naturfagundervisninga. I biologi kan ein best leggje grunnlaget for ei logisk motivert naturvernholdning ved at økologiske synspunkt får dominere i undervisninga. I skolen må ikkje naturvern bli eit isolert emne som ein berre tek opp i avgrensa periodar og berre i eit einskilt fag. Naturvernsynspunkt bør komme inn i biologiundervisninga gjennom alle år og overalt der dette er naturleg. Også i andre fag må alle høve til å byggje opp ei rett innstilling til miljø- og naturvern utnyttast så langt råd er. LÆRESTOFF 1.-3. klassesteget.- Heimstadlære Døme på emne med tilknyting til naturvern: Hjelp til andre — matforsyning, svolt, samanheng mellom kost og vokster. Årstider og klima (naturforhold på heimstaden, kva dei har å seie for plante- og dyreliv). Stell av plantar og dyr - hjelp til dyr, blomsterkasse, fuglebrett, fuglekasser, ansvar og omsorg for dyr i fangenskap. Ekskursjonar med vekt på naturstudium, naturglede, naturvett og naturvern. 4.-6. klassesteget.— Naturfag Vern om helsa: Reinsemd. Rett kost og friskt vatn. Uheldige tilsetningar til matvarer. Frisk luft. Ureining av jord, vatn og luft. Støyproblem. Mosjon og rekreasjon. Friluftsliv i skog og mark. Samspelet i naturen: Samanhengen mellom plantar og dyr. Rovdyr og rovfuglar i naturhushaldet. Kva skogen har å seie. Verknaden av nye driftsmåtar i jordbruk og skogbruk. Beising av såkorn. Plantevernmiddel. Sjøfugl og oljesøl. Freding av dyr. Fredingsføresegner. Jakt og viltstell. Fiskevatn og fiskestell. Naturvett i by- og landdistrikt (i skog, ved innsjø og elv, langs kysten og på havet). Naturvern på sjø og på land. 7.-9. klassesteget Emne som har fått si første behandling på barnesteget, må takast opp på nytt og utdjupast på ungdomssteget. Samtidig må ein nytte ut at elevane har vorte meir mogne og i sterkare grad leggje vekt på å fa dei til å dra konklusjonane av dei kjensgjerningane som blir lagde fram i undervisninga. Det er viktig at innstillinga til miljø- og naturvern hos elevane mest mogeleg far si forankring i nøkterne opplysningar og i forståing av dei konsekvensar denne innstillinga vil få for livsmiljøet vårt no og i framtida. Biologi : Næringskjeder og næringskonkurranse : Produsentar og konsumentar. Bakteriane. Inngrep frå mennesket (rovdyrproblemet, biocid og verknaden av dei, verknader av radioaktiv stråling). Tilpassing til miljøet. Korleis mennesket forandrar livsmiljøet for plantar og dyr. Mennesket i naturen: Verdien av naturlandskapet for rekreasjon, kunst, forsking, undervisning. Naturvett. Naturrikdomane og økonomien. Fornuftig bruk av naturressursane. Næringsmiddel frå naturen. Ureining av jord, luft, sjø og vatn (giftutslepp). Offentleg hygiene. Kontroll med drikkevatn og næringsmiddel.
Skann 279 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 277». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/279/