SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 206 skann 208

206 Sommargjeting. Insektplaga. Gormflugene. Kalvemerking, kalveslakting. Stell av peskeskinn. Naturlege stengsler for reinen. Øy, halvøy, nes, juv, ur. Ulike gjerdetypar. «Skremslegjerde» (langt tau med raslande plastposar). Merkingsgjerde, slaktegjerde, sperregjerde. Bærplukking. Sennegrasskjering. Haust. Sopp og «sopp-uro» (vista) hos reinen. Hornfelling. Haustslakting. Kjøring av levande rein. Slakteri. Kva verdi det har for bygda. Slaktarar, slakteriarbeidarar, sjåførar. Eksportvare. Brunsttida. Haustflytting. Veret om hausten gjer flyttinga vanskeleg. Framkomstmiddel før og no. Kløvrein, kjørerein og pulkar (kjørepulk, lastepulk, matpulk). Selety, taumar, grime. (Museumsbesøk). Snøscooter. Familien kjem til bygda med bil. Når ein kjem til fjellstover og stabbur. Reinskiljing. Vinter. Vintergjeting. Vinterpels hos dyra. Vinterkleda til flyttsamane. Vinterslakting, mindre lønsamt, samanlikn skinn frå ulike årstider. Innearbeid om vinteren. (Husflid, saum av vinterklede). Vår. Vårflytting, næringsbehovet til reinen. Kalving. - «Kalvetjuvar», kråka, ørna, reven. Hornfelling, hårskifte. Isfiske. Familien kjem fram til sommarbustaden. Kva gjev reindrifta oss ? Noko av føremålet med å følgje årsrytmen til reinen må vere å få fram korleis dyra er avhengige av og tilpassar seg naturtilhøva og korleis mennesket er avhengig av dyra. Emnet kan takast som ei større arbeidsoppgåve, eller det kan eventuelt takast i 3. klasse i samband med arbeidslivet. Verda er så stor, så stor. Levevis, utsjånad, sed og skikk hos barn i t.d. Norden, Italia, eit land i Afrika. Fredsarbeid. U-hjelp. Dei som hjelper oss. Politi. Sjukehus (legevakt, ambulanse, personale, dagsrytme, operasjonar, vanlege sjukdomar, medisinar og andre boteråder, bakteriar, smitte, førebyggjande tiltak). Aktuelt stoff. 3. klassesteget Barnet i heim og skole Skole og kameratar. Skolesamfunnet. Hjelpe nybyrjarar til å trivast på skolen. Heim og familie. Fritid (hobbyar, klubbarbeid, samskipnader) . Passe små barn. Vitje gamle, sjuke og einsame. Omgangsformer (god oppførsel heime og ute). Bordskikk. Helsereglar. Rett kost. Tannvern. Kva er kleda våre laga av? (ull, bomull, nylon osv.). Rette klede i allslags vér. Helg og høgtid. Jul andre stader i landet og i andre land. Julespel, juleleikar (lage juleselskap) .' Naturen : Planteriket. Nytte av plantar og tre. Skolehage og plantestell. Frø og frukt. Dyre-/fugle- og plantelivet er avhengige av kvarandre. Miljøvern. Tid og ver. Fordamping/fortetting. Termometer. Samfunnet: Arbeidsliv og samferdsel. Frå råstoff til ferdig vare. Jordbruk, fiske, hagebruk, skogbruk, gruvedrift, reindrift. Reiseliv og transport. Trafikkårer (veg, gate, sjø, luft) . Industri. Større fabrikkar. Butikkar. Litt om ulike yrke. Organisasjonar for arbeidstakarar. Organisasjonar for arbeidsgjevarar.
Skann 208 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 1

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 206». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/208/