SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 150 skann 152

150 identifisere og forstå språkstoff ut over det som dei sjølv skal kunne bruke i tale og skrift. Innlæringa av språkmønstra er slik at det same mønsteret blir gjennomgått i ulike variasjonar og i stadig utvida samanheng. I den første gjennomgåinga øver ein hovudtypen, seinare variantar av han. Nye språkmønster bør innførast med stor varsemd. Ein bør ikkje gjennomgå fleire nye mønster samtidig eller like etter kvarandre. Ein må også passe på at berre ordtilfang som elevane er fortrulege med, blir brukt når språkmønster skal innøvast. Dette er særleg viktig dei første gongene under øvinga. Tekstgjennomgåing. Ein tekst gjennomgår ein intensivt eller ekstensivt. Intensiv gjennomgåing krev inngåande studium av teksten og øving slik at elevane forstår innhaldet, meistrar uttalen og er fortrulege med dei nye språkmønstra. Den intensive tekstgjennomgåinga må det vere læraren som leier. Ein må setje store krav til form og innhald i den teksten som skal gjennomgåast intensivt. Han må utformast slik at han blir ein naturleg læregang der vanskegraden aukar jamt med omsyn til ordtilfang, uttrykk og språkmønster. Innhaldet bør vere variert og interessevekkjande og tilpassa mognadsnivået til elevane. Ekstensiv lesing er den vanlege forma for tekstgjennomgåing med utfyllande lesnad. Ekstensiv lesing skal tene til å feste og halde ved like det språkstoffet som er innlært, utvikle lesedugleiken og auke språkforståinga. Det er eit krav at elevane skal ha tilgang på utfyllande lesnad som verkar motiverande og stimulerande på interessa deira for språket, men ein bør også ha auge for at ekstensiv lesing kan gje nyttig informasjon og realkunnskapar. Ein bør prøve å komme elevane i møte i deira ulike interesser og føresetnader ved å la dei arbeide med kvar sine tekstar einskildsvis eller i grupper. Skriftlege øvingar. Dei skriftlege øvingane har ei dobbel oppgåve. Først og fremst skal dei stø opp om den munnlege undervisninga, og hjelpe til å feste tilfanget av ord, uttrykk og språklege mønster. Dernest skal elevane litt etter litt få ein viss tame i å uttrykkje seg skriftleg så korrekt som mogeleg. Skriftlege øvingar bør derfor bli samordna med den munnlege undervisninga, og på alle steg bør dei skriftlege øvingane vere nøye førebudde. Dei skriftlege øvingane bør i hovudsaka vere einspråklege. Oppgåvene bør varierast etter det språklege nivået til elevane. Desse øvingane gjev også verdfullt høve til individualisering. LÆREMIDDEL 1. Komplett læremiddelsystem, eller lærebøker og lærarrettleiingar med tilpassa materiell for munnlege og skriftlege øvingar. Fasit. 2. Vanskegraden stoff til utfyllande lesing. 3. Språklære. 4. Skoleradio- og skolefjernsynsprogram. 5. Lydband og lydbandinnspelingar. Grammofonplater. 6. Ting, modellar, bilete, flanelltavlemateriell og kart. 7. Oppslagsbøker og leksika. 8. Apparatur: tavler - bandspelarar - radioapparat - ekstra høgtalar - biletbandog filmapparat - skriftprosjektør - flanelltavle — stensilapparat. VURDERING Ved vurderinga skal ein følgje dei retningslinjene som er gjevne i kapitlet Vurdering i den generelle delen av mønsterplanen. Vurderinga tek utgangspunkt i skolen si generelle målsetjing, faget si spesielle målsetjing og eleven sine føresetnader på fagområdet, og ein må ta omsyn til dei undervisningsmetodane og arbeidsformene som er nytta. Ved vurdering av eleven si arbeidsevne i eit fag må ein ta omsyn til eleven sitt kjennskap til og dugleik i å utnytte faget sine hjelpemiddel, evne til sjølvstendig arbeid og til arbeid i grupper. Det er ikkje nok at læraren vurderer elevane sin arbeidsmåte og resultata av arbeidet deira, like viktig er det at elevane får øving i sjølv å vurdere. Den einskilde eleven sitt arbeid må vurderast med jamne mellomrom, både for å stimulere interessa for faget og for å gje rettleiing for vidare arbeid. Eit avslutta arbeid må vurderast snarast mogeleg. Når ein vurderer framgangen elevane gjer i engelsk, må ein ta omsyn til alle fire dugleiksområda. Prøver som blir brukte i samband med vurderinga, bør derfor dekkje både høyreforståing, leseforståing, munnleg uttrykksevne og skriftleg uttrykksevne. På barnesteget må ein leggje størst vekt på dei tre første områda for språkdugleik.
Skann 152 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 150». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/152/