SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 103 skann 105

103 ) muntrast til å bruke det og. Det bør vere ei hovudoppgåve for skolen å leggje torholda slik til rette at evna til å bruke språket munnleg får gode utviklingsvilkår. Det er derfor ei viktig oppgåve for læraren å skape slike sosiale situasjonar at elevane får lyst og ' trong til å bruke morsmålet munnleg. Fellesskapet i grupper får her sin store verdi. I gruppa kan ein kjenne seg trygg og vere med å byggje opp eit venskapleg samarbeid. Læraren må vere varsam med å bryte inn, men han må halde auge med elevane og prøve å få alle plasserte slik at dei får lyst «til å ta del i samtalen. På alle steg må ein arbeide for å få ei vakker og levande uttrykksform. Elevane må få øve artikulasjon, røystbruk og intonasjon i ulike talesituasjonar. På begynnarsteget må ein øve mykje på å bruke stemma rett. Elevane må om det trengst få individuell hjelp til dette. Elevar med talefeil bør så tidleg som mogeleg få hjelp av logoped. Det er viktig at elevane får gode talemønster på skolen. Dersom læraren skal vekkje interessa for god og klår personleg uttrykksform, må han sjølv gå føre med eit godt eksempel. Elevane bør lære å forstå at talen berre er ein del av kommunikasjonsprosessen, og at framføring og personlegdom også spelar ei viktig rolle. Læraren må ta vare på og stimulere den naturlege trongen til å fortelje som barn vanlegvis har. På alle klassesteg vil naturleg , og fri samtale vere ein god måte å drive taleopplæring på. Samtalen kan ofte knytast til slikt elevane sjølve har opplevd eller til aktuelle hendingar som dei er opptekne av. Ein kan og få i gang samtale om felles opplevingar ved studium av tekstar, bilete eller direkte åtgåing. Dette kan skje på alle klassesteg. Under samtalen kan læraren merke seg elevinteresser, ordforråd, røystbruk, artikulasjonsevne og eventuelle talefeil. Elevane bør etter kvart få trening i å stå fram for grupper eller for heile klassen. Ein bør fa dei til å fortelje om sine eigne opplevingar og røynsler og leggje fram sine meiningar om ulike spørsmål. Dei bør få lage intervju både med kvarandre og med utanforståande. Dei bør fa øving i å tale i telefonen, og dei må fa høyre si eiga røyst på lydband. For sjenerte elevar kan det vere ei hjelp først å få vere med på program der dei får bruke sitt talemål utan personleg å måtte stå fram for klassen. Både improviserte samtalar og førebudde diskusjonar må få plass i norsktimane. Elevane må gradvis få øving i å uttrykkje seg logisk og samanhangande i referat, elevforedrag, dialogar, intervju, diskusjonar 0.1. Dei elevane som ynskjer det, bør fa bruke hugselapp med stikkord. Frå første stund i skolen bør elevane og fa gje uttrykk for sine opplevingar, tankar og meiningar gjennom rørsler, ord, lyd og musikk. Dramatisk verksemd bør vere ein naturleg del av norskundervisninga i heile skoletida. Dramatisk verksemd kan gje næring til kjensle-, fantasi- og viljeliv, ho kan gje målmedviten sansetrening, oppøving av evna til konsentrasjon og innleving og gje sterk stimulans til skapande aktivitet. Ho kan fremme samarbeidet mellom elevane, skape tryggleik og sjølvtillit hos elevar med hemning3^pp»g engasjere og aktivisere elevar med tilpassingsvanskar. Læraren bør vere merksam på og utnytte dei høve skapande dramatikk kan gje til aktualisering, oppleving og vidareføring av det lærestoffet elevane arbeider med. Faget norsk byr på ein rikdom av engasjerande stoff på alle steg. På begynnarsteget kan enkle improvisasjonar og rolleleikar frigjere elevane, hjelpe til å utvikle ei ledug munnleg uttrykksform og inspirere lesetreninga. Somme elevar vil velje rørsleuttrykk, men ordet kan komme naturleg med under desse improvisasjonane og. Spesielle oppgåver med tanke på ei munnleg uttrykksform er av stor verdi for språkutviklinga. Det er viktig at læraren finn fram til vel tilmåta og interessevekkjande stoff på allé steg. Av særleg verdi er det å gje plass til stoff sprunge ut av elevane sin eigen fantasi. Men rim og regler, barnesongar og eventyr vil og høve godt til framføring. Forteljande stoff som stykkevis er forma i replikkar, ligg vel til rette for å aktivisere mange elevar samtidig. Elles gjev det god språkleg trening å forme om forteljestoffet til replikkar. Oppgåva til læraren er først og fremst å få arbeidet i gang. Han bør gje idear og motiv ved hjelp av ting, bilete, ord, lyd og rytme, men han bør sjølv komme i bakgrunnen etter kvart som elevane frigjer seg. Læraren bør vere varsam med å vise føre. Det kan lett føre til at elevane vil etterlikne hans svar på ei oppgåve i staden for å ta oppgåva som ei utfordring til si eiga dramatiske skaparevne. Etter at ein har gjort stoffet levande, er det viktig å gje plass til samtale. Er det ein trygg atmosfære i klassen, kan positivt formulert og sakleg vurdering frå medelevar gje inspirasjon til å gjere det betre neste gong og styrkje samhaldet i klassen. 3. Lesing Målet for leseopplæringa må vere å lære elevane å lese på ulike måtar etter ulike behov.
Skann 105 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 9

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 103». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/105/