SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 102 skann 104

102 Ordtøke. Sidemålet. Substantiv, verb, adjektiv og pronomen. Ein arbeider med hovudreglane og prøver å øve dei inn i nær tilknyting til tekstar. Ein bør arbeide med å finne likskap og ulikskap mellom bokmål og nynorsk når det gjeld ordval og ortografi. Men i dette arbeidet bør ein ikkje leggje for stor vekt på ulikskapen. Skriftlege øvingar: Vidareføring av dei oppgåvene som er nemnde for 7. klassesteget. Dessutan : Bokmeldingar, kritikk av filmar, radio- og fjernsynsprogram. Enkle resonnerande stilar. Skildringar. Utgreiingar. Meldingar. Formelle brev - førespurnader. Søknader. Lysingar - svare på lysingar Fullmakter. Telegram. Referat. Ein bør etter kvart leggje stor vekt på klåre formuleringar. Elevane bør venjast til å observere, skildre og definere. Litteratur: Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. 9. klassesteget Studieteknikk: Ein må rekne med at grunnleggjande teknikkar er innøvde før elevane kjem i 9. klassen. Skoleåret bør likevel ta til med ei oppfrisking. I somme klassar kan det og vere naturleg eller naudsynt med ei vidareføring. Elevane bør etter kvart venje seg til å planleggje sitt eige arbeid for eit lengre tidsrom. Taleopplæring: Dei oppgåvetypane som er nemnde under 7. klassesteget, kan nyttast på 9. steget og. Krava til formuleringsevne blir større, t.d. når det gjeld elevforedrag. Ein bør utdjupe kjennskapen til taleteknikk og møteleiing. Leseopplæring: Vidareføring av arbeidet frå 8. klassesteget. Språklære: Vidareføring av arbeidet frå 8. klassesteget. Ordlære. Eigentleg og overført tyding. Trykk, tonefall, tonelag, rim og rytme. Sidemålet. ' Ein går vidare i arbeidet med formverket. Ein tek opp unntaksreglar i den mon det trengst. For ein del elevar kan det vere naturleg å bruke sideformer. Oppgåvetypar. Svare på spørsmål frå tekst elevane har lese eller høyrt. Studiar av tala eller trykt tekst. Replikkforming i enkel dramatisk verksemd. Omsetjing. Enkel fri forming. Ordforklaringar. Forteljing til bilete. Ulike typar av referat. Språkhistorie: Hovuddraga i norsk språkhistorie. Skriftlege øvingar: Vidareføring av arbeidet frå 8. steget. Litteratur: Vidareføring av arbeidet frå 8. steget. På dette klassesteget bør ein i tilknyting til dei tekstane ein les, gjere enkle stilstudiar og gjennomgå kjennemerke for lyrikk og prosa. I dei tre siste skoleåra bør elevane lese minst 800 sider, av dei om lag 1/3 på sidemålet. ARBEIDSMÅTAR 1. Høyre og sjå Evna til å høyre og sjå er eit vilkår for ei naturleg språkutvikling. Øving i å høyre og sjå må derfor frå første stund vere ein viktig del av morsmålsopplæringa. Denne øvinga bør skje i ein naturleg samanheng, i tilknyting til miljøet, forteljingar, samtalar, dramatisk verksemd, bilete, radio-, film- og fjernsynsprogram. Gjennom heile skoletida bør ein oppmuntre elevane til å høyre og sjå, slik at dei kan ta imot det dei ulike kjeldene fortel. Det er likevel ikkje berre spørsmål om å utvikle evna til å ta imot. Like viktig er det å styrkje vurderingsevna til elevane, så dei blir vane til å skilje inntrykka frå kvarandre og kritisk vurdere informasjonar og påverknader. 2. Munnleg bruk av språket Taleopplæringa bør ha ein sentral plass i i norskfaget. Det er ikkje nok å gje elevane ! kjennskap til talespråket, dei må opp-
Skann 104 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 102». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/104/