SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 101 skann 103

101 Setningar. Dei fire typane av hovudsetningar. På dette steget bør ein leggje mest vekt på at elevane lærer å skilje undersetningar frå hovudsetningar, utan å gå inn på dei ulike slag undersetningar. Teiknsetjing. Ein arbeider med heile teiknsetjingssystemet. Rettskriving. Ein tek rettskrivinga i samband med det skriftlege arbeidet til elevane og lagar spesielle øvingsoppgaver for elevar som treng det. Spesielle problem. Parverb (liggje/leggje, brenne/brenne 0.a.) Eigeform og omskriving av genitiv. Og/å, da/når, lenger/lengre 0.l Særskriving og samanskriving. Forkortingar. Store og små for bokstav ar . Synonym og antonym. Øvingane bør først og fremst ta sikte på å auke ordforrådet til elevane og hjelpe dei til variert ordval. Framandord. Direkte og indirekte tale. Skriftlege øvingar: Referat, samanhangande og punktvis, både frå tekstar og frå møte og hendingar elevane har vore med på. Spørsmål frå tekst elevane har lese eller høyrt. Debattinnlegg - meiningsytringar. Forteljingar. Intervju. Rapportar. Klasseavis. Forteljande stilar. Enkle skildrande stilar. Skildringar og forteljingar på grunnlag av bilete. Personlege brev. Dagbøker og reisebrev. Utfylling av blankettar. Fritt valde emne som gruppearbeid og individuelt arbeid. Litteratur: Tekstar til skolebruk bør innehalde utdrag av norsk og utanlandsk litteratur, klassisk og moderne, stoff og emne henta frå samfunnsliv, yrkesliv og frå naturen, stoff om ungdomsproblem og noko svensk og dansk på originalspråket. I det svenskspråklege utvalet bør også finlandssvenske diktarar vere representerte. Ny litteratur frå Island og Færøyane i norsk omsetjing, helst nynorsk. Ungdomsbøker. Moderne litteratur. Klassisk litteratur. Sakprosa. Elevane bør bli kjende med romanar, skodespel, noveller, enkle essay, moderne og klassisk lyrikk. Ein del av tekstane må vere på sidemålet. I valet av litterære tekstar bør ein sjå 7., 8. og 9. årskull under eitt, og blant anna sikre seg at dei mest kjende norske diktarane blir representerte, slik at elevane får kontakt både med vår tids skjønnlitteratur og vår litterære arv. På 7. klassesteget bør ein der det er naturleg gje enkle opplysningar om forfattarane i tilknyting til dei tekstane ein les. 8. klassesteget Studieteknikk: Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Ein går no noko vidare i læringspsykologi. Taleopplæring: Dei oppgåvetypane som er oppførte for 7. klassesteget, kan nyttast på 8. klassesteget og. Det vil vere rimeleg om ein på dette klassesteget set noko større krav til formuleringsevna hos elevane. Leseopplæring: Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. I Språklære: /( Vidareføring av arbeidet frå 7. klassesteget. Setningsledd. Apposisjonar, adverbiale tillegg, formelt subjekt, førebels subjekt. Ein kan ikkje rekne med at alle elevane vil meistre dette. Setningar. Det viktigaste er at elevane lærer å skilje mellom hovudsetning og undersetning. Ein bør ikkje leggje for stor vekt på å skilje mellom ulike slag undersetningar. Ordlære. Bruk av verbal og adjektivisk ordlegging framfor omskriving med substantiv. Avleidde ord, ordfamiliar, faste uttrykk; arveord, lånord, bilete i språket. Samanblanding av ord og uttrykk.
Skann 103 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 5

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 101». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/103/