SKARD English

Mønsterplanen 1974 · nynorsk s. 99 skann 101

99 - finne viktige setningar i eit stykke - utviding av ordforråd : synonym /antonym 4. klassesteget Lesing: Lesestoffet hentar ein frå ulike område: Litterært, fagleg, samtidsprega, morskapsprega, og frå det elevane sjølv har laga. Leseøving i ulike former : Ein legg større vekt på medviten variasjon av leseteknikkar: sein, konsentrert lesing eller snøgg lesing, alt etter kva og kvifor ein les. Ein legg vekt på øvingar som er tilmåta behov og mognad hos den einskilde eleven. Stillelesing kan vere tidtrøytelesing eller studielesing. Ein trenar vidare på teknikkar - skumlesing og djuplesing, notat-teknikk. Høgtlesing blir orientert mot skjønnlesing og litterær oppleving. Høgtlesing bør vere førebudd, og bli framført for klasse eller gruppe. Bruk av bandspelar. Språklære: Ein repeterer emne frå tidlegare skoleår, med utviding av ordområde og syntaks. Nye emne : - kort o-lyd - g n /. n g <°g^ - komma ved opprekning -former av verbet, infinitivendinga - adjektivet - subjekt, predikat Alle emne blir knytte til ordområde som er høvelege for alderssteget. Bruk av språket skriftleg og munnleg. Studieteknikk: Ein held fram med eit utval av oppgåvetypar frå tidlegare skoleår. Dessutan nye arbeidsmåtar : - rundebordskonferanse - intervju - planleggje, leie, vere med i festprogram eller framføring ved gruppearbeid - sak- og biletstudium, ekskursjonar samle opplysningar, finne fakta, notere - reiseskildringar, dagbok - finne og notere nøkkelord til ei forteljing, fortelje på nytt med hjelp av nøkkelorda - lese og lage avsnittsoverskrifter - slå opp i bøker i klassebibliotek (innhaldsliste og register) - enkel rubrisering - utviding av ordforråd : samle ord til oppgjeve emne. Lage sak-ordpensum. 5. klassesteget Lesing: Lesestoff og leseøving som i tidlegare skoleår. Vidaregåande øvingar i — skjønnlesing : Foredrag, bruk av manuskript. Frasering, kvilepausar, stemmedynamikk, artikulasjon. Rett uttale av framandord. - litterær lesing med vekt på forståing og oppleving. - studielesing : Større krav til lesefart under skumlesing (oversikts- og lokaliseringslesing) . Bruk av oppslagsbøker. Studielesing blir stadig meir kombinert med skriftlege oppgåver av fagleg og litterært slag. Språklære: Emne frå tidlegare skoleår blir repeterte, med utviding av ordområde og syntaks. Nye emne: — å-lyd framfor v og g - avleidde ord og bøyingar (grå-grått) - stum d (nd, Id, rd) — forenkling av dobbeltkonsonant — ord som er lette å blande saman (godt/gått, for/får 0.a.) — hovudsetninga - komma mellom to hovudsetningar — ordklassane, bøyingsøvingar — enkel analyse Bruk av språket skriftleg og munnleg. Studieteknikk: Ein held fram med eit utval av oppgåvetypar frå tidlegare skoleår. Dessutan nye arbeidsmåtar: - foredrag - gruppesamtalar - notat-teknikk - referat — samandrag - samle opplysningar frå fleire kjelder, lage kjeldeliste for eit bestemt emne - øve vurderingsevne og kritisk holdning ved enkel rubrisering (for/mot, positiv/ negativ) - vanlege forkortingar - lage lister etter eit visst system (alfabet, tal, slag, storleik osv.) - utviding av ordforråd : framandord, ordforklaring 6. klassesteget Lesing: Lesestoff: Lesing av ymse slag litteratur. Større kjennskap til forfattarar og bakgrunn. Avislesing.
Skann 101 av Mønsterplanen 1974 · nynorsk
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 10

Siter

Læreplanatlas. «Mønsterplanen 1974 · nynorsk, s. 99». Versjon 2026-09-28. /planer/m74/m74-nynorsk-komplett/s/101/