SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-02 (2010) SAF1-02#kompetansemaal-KMS802 skann 8

Kompetansemål Etter 10. årssteget Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Historie - finne døme på hendingar som har vore med på å forme dagens Noreg, og reflektere over korleis samfunnet kunne ha vorte dersom desse hendingane hadde utvikla seg annleis - presentere ei historisk hending med utgangspunkt i ulike ideologiar - skape forteljingar om menneske i fortida, og slik vise korleis rammer og verdiar i samfunnet påverkar tankar og handlingar - søkje etter og velje ut kjelder, vurdere dei kritisk og vise korleis ulike kjelder kan framstille historia ulikt - drøfte menneskeverd, rasisme og diskriminering i eit historisk og notidig perspektiv med elevar frå andre skular ved å bruke digitale kommunikasjonsverktøy - presentere hovudtrekk ved historia og kulturen til samane frå dansketida til i dag, og drøfte forholdet deira til storsamfunnet - presentere viktige utviklingstrekk i norsk historie på 1800-talet og første halvdelen av 1900-talet, og forklare korleis dei peikar fram mot samfunnet i dag - forklare framveksten av velferdsstaten og beskrive trekk ved det moderne Noreg - forklare teknologiske og samfunnsmessige endringar som følgde av den industrielle revolusjonen - drøfte idear og krefter som førte til den amerikanske fridomskampen og den franske revolusjonen, og følgjer som dette fekk for den demokratiske utviklinga i Noreg - gjere greie for imperialisme og gje døme på avkolonialisering - lage spørsmål om sentrale internasjonale konfliktar på 1900-talet og i vårt eige hundreår, formulere årsaksforklaringar og diskutere konsekvensar av konfliktane - drøfte viktige omveltingar i samfunnet i nyare tid, og reflektere over korleis dagens samfunn opnar for nye omveltingar Geografi - lese, tolke og bruke papirbaserte og digitale kart og kunne bruke målestokk og kartteikn - gjere greie for eigne rettar og konsekvensar når ein arbeider på Internett og publiserer sitt eige materiale - lokalisere og dokumentere oversikt over geografiske hovudtrekk i verda og samanlikne ulike land og regionar - fortelje om naturgrunnlaget med vekt på indre og ytre krefter på jorda, rørsler i luftmassane, krinsløpet til vatnet, vêr, klima og vegetasjon, og drøfte samanhengar mellom natur og samfunn - beskrive og forklare natur- og kulturlandskapet i lokalsamfunnet - forklare korleis menneske gjer seg nytte av naturgrunnlaget, andre ressursar og teknologi i Noreg og i andre land i verda - vurdere bruk og misbruk av ressursar, konsekvensar det kan få for miljøet og samfunnet, og konfliktar det kan skape lokalt og globalt - gjere greie for storleik, struktur og vekst i befolkningar og drøfte befolkningsutvikling og flytting i nyare tid, inkludert urbanisering - forklare og drøfte variasjonar i levekår i ulike delar av verda og samanlikne og vurdere dei store skilnadene mellom fattige og rike - drøfte premissar for ei berekraftig utvikling Samfunnskunnskap - planleggje, gjennomføre og presentere problemorienterte samfunnsfaglege undersøkingar og vurdere arbeidsprosessen og resultata - finne fram til og presentere aktuelle samfunnsspørsmål, skilje mellom meiningar og fakta, formulere argument og drøfte spørsmåla - leggje ein plan for å starte og drive ei bedrift ut frå ei undersøking av grunnlaget for ei slik bedrift - analysere utviklinga av rusmiddelbruk og røyking i Noreg og reflektere over haldningar til rusmiddel - drøfte forholdet mellom kjærleik og seksualitet i lys av kulturelle normer - beskrive korleis forbruksmønsteret har utvikla seg i Noreg, og gjere greie for rettane til forbrukarane - forklare kva haldningar og fordommar er og drøfte moglegheiter og utfordringar i fleirkulturelle samfunn - utforske kva som krevst for at samfunn skal kunne halde fram å eksistere og samanlikne to eller fleire samfunn - gjere greie for politiske institusjonar i Noreg og samanlikne dei med institusjonar i andre land - gje døme på og drøfte demokrati som styreform, gjere greie for politisk innverknad og maktfordeling i Noreg og bruke digitale kanalar for utøving av demokrati - diskutere årsaker til og følgjer av kriminalitet, og forklare korleis rettsstaten fungerer ut frå korleis eit aktuelt lovbrot er behandla - forklare kvifor kultur ikkje er medfødd, og gjere greie for og analysere kulturelle variasjonar - beskrive hovudtrekk i norsk økonomi og korleis vår økonomi heng saman med den globale økonomien - gjere greie for grunnleggjande menneskerettar og drøfte verdien av at dei blir respekterte

PDF-side 8 hos Udir

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-02 (2010), SAF1-02#kompetansemaal-KMS802». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-02/s/8/