SKARD English

Samfunnsfag LK06 · SAF1-02 (2010) SAF1-02#kompetansemaal-KMS801 skann 7

Kompetansemål Etter 7. årssteget Mål for opplæringa er at eleven skal kunne Historie - bruke omgrepet periode og vise samanhengar mellom fortida og notida ved å plassere ei rekkje historiske hendingar på ei tidsline - presentere historiske hendingar gjennom å lage to forteljingar om same hendinga, sett frå ulike ståstader - skape forteljingar om menneske i fortida og bruke dei til å vise korleis menneske tenkjer og handlar ut frå samfunnet dei lever i - utforske ulike kjelder, illustrere korleis dei kan gje ulik informasjon om fortida, og forklare korleis historikarar bruker dei til å lage historiske framstillingar - fortelje om hovudtrekk ved samfunnsutviklinga i Noreg frå vikingtida til slutten av dansketida og gjere nærare greie for eit sentralt tema i denne perioden - fortelje om sentrale trekk ved kulturen og levekåra til samane frå vikingtida til slutten av dansketida, og om forholdet deira til statane på Nordkalotten i denne perioden - gjere greie for kva for nasjonale minoritetar som finst i Noreg, og beskrive hovudtrekk ved historia og levekåra til minoritetane - lage visuelle framstillingar av to eller fleire tidlege elvekulturar ved hjelp av digitale verktøy - undersøkje greske og romerske samfunn i antikken og finne døme på korleis kulturen deira har påverka vår eigen kultur - gjere greie for sentrale trekk ved tidsepokane mellomalder, renessanse og opplysningstid i Europa og diskutere grunnar til denne tidsinndelinga - bruke historiske kart og framstille oppdagingsreiser som europearar gjorde, skildre kulturmøte og samtale om korleis dei ulike kulturane opplevde møtet Geografi - lese og bruke papirbaserte og digitale kart og lokalisere geografiske hovudtrekk i sitt eige fylke, nabofylka, dei samiske busetjingsområda, Noreg, Europa og andre verdsdelar - registrere og ordne spor etter istida på heimstaden og forklare kva istida hadde å seie for danning av landskap og heile landet - forklare samanhengar mellom naturressursar, næringar, busetnad og levevis - samanlikne og påvise likskapar og skilnader mellom land i Europa og land i andre verdsdelar - fortelje om regnskog, grasslette, ørken og andre landskapstypar og forklare korleis menneske gjer seg nytte av dei - forklare korleis produksjon og forbruk kan øydeleggje økosystem og forureine jord, vatn og luft, og drøfte korleis dette kan hindrast og reparerast - forklare korleis vi i Noreg bruker ressursar frå andre stader i verda - registrere flyktningstraumar, forklare kvifor somme rømmer frå heimlandet sitt, og drøfte korleis det kan vere å kome til eit framandt land som flyktning - planleggje og presentere reiser til Europa og andre verdsdelar ved å bruke digitale verktøy Samfunnskunnskap - velje eit tema, forme spørsmål og kaste lys over dei ved å bruke ulike kjelder - forklare korleis informasjon frå massemedium og kommersiell påverknad kan verke inn på forbruksvanar - samtale om variasjon i seksuell orientering i tilknyting til kjærleik, samliv og familie - beskrive roller i sin eigen kvardag og undersøkje kva forventningar som knyter seg til desse rollene - drøfte spørsmål omkring bruk og misbruk av tobakk og ulike rusmiddel - gjere greie for kva eit samfunn er, og reflektere over kvifor menneske søkjer saman i samfunn - forklare skilnader mellom å leve i eit demokrati og i eit samfunn utan demokrati, og gjere greie for dei viktigaste maktinstitusjonane i Noreg - samtale om kva vi meiner med identitet og kultur, kjenne att kulturelle symbol og lage ein visuell presentasjon av dei - gjere greie for hovudtrekk ved samiske samfunn i dag - gjere greie for ein aktuell konflikt og drøfte framlegg til løysing - gje døme på korleis Noreg er med i internasjonalt samarbeid gjennom FN og andre organisasjonar, også internasjonalt urfolkssamarbeid

PDF-side 7 hos Udir

Siter

Læreplanatlas. «Samfunnsfag LK06 · SAF1-02 (2010), SAF1-02#kompetansemaal-KMS801». Versjon 2026-09-28. /planer/lk06/lk06-samfunnsfag-saf1-02/s/7/