eit mangfald av utfordringar. Tilpassing er derfor ein sentral og nødvendig
del av opplæringa.
Lokal tilpassing
Opplæringa må leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga
elevane har til lokalsamfunnet, naturen der, næringar, tradisjonar
og levesett. Det krev eit breitt spekter av praktisk røynsle og
aktivitetar, opplevingar og impulsar i lokalmiljøet. Det må skapast
eit miljø der elevane saman med vaksne og saman med kvarandre
tek del i ulike gjeremål. Opplæringa blir da meir praktisk og livsnær
og byggjer bru mellom det sentralt fastsette lærestoffet og miljøet til
elevane. Lokal forankring og identitet gir grunnlaget for ei breiare
forståing for allmenne trekk i ulike livsvilkår - uavhengig av kvar folk
bur.
Individuell tilpassing
Det lovfesta prinsippet om tilpassa opplæring skal komme til uttrykk
i heile verksemda i skulen. Alle elevane, også dei med særlege vanskar
eller særlege evner på ulike område, må få møte utfordringar som
svarer til føresetnadene deira. Individuell tilpassing er nødvendig for
at alle elevar skal få eit likeverdig tilbod. Det krev at alle sidene ved
opplæringa - lærestoff, arbeidsmåtar, organisering og læremiddel -
blir lagde til rette med tanke på dei ulike føresetnadene elevane har.
Grunnskulen som fellesskap skal vere inkluderande. Elevar med
særskilde opplæringsbehov skal ta del i det sosiale, faglege og kulturelle
fellesskapet på ein likeverdig måte. Det krev at alle elevar i utgangspunktet
skal få opplæringa si i skulen på heimstaden og høyre
til i eit klasse- og elevfellesskap. For elevar med særskilde opplæringsbehov
er samarbeid med foreldra spesielt viktig for å finne fram til
det som samla sett er det beste opplæringstilbodet, og for å få ei felles
forståing av kva ein kan vente av elevane når det gjeld innsats og
utvikling. Samarbeid med foreldra er og viktig for individuell tilpassing
av opplæringa for elevar frå språklege og kulturelle minoritetar.
Likestilling mellom kjønna
I opplæringa skal ein ta omsyn til at røynslene hos jenter og gutar
ofte er ulike. Grunnskulen skal medverke til at begge kjønna får dei
same rettane, pliktene og vilkåra i familieliv, vidare utdanning, arbeidsliv
og i anna samfunnsliv. Både innhald og organisering, læremiddel
og arbeidsmåtar skal sikre læringa til jenter og gutar like godt,
slik at dei får den same merksemda, dei same oppgåvene og dei same
utfordringane. Opplæringa skal oppmuntre begge kjønna til å ta
ansvar i arbeid og samfunnsvirke, og til å førebu seg for utdanning
og yrkesval i tråd med evner og interesser, uavhengig av tradisjonelle
kjønnsrolleforventningar. Opplæringa må stimulere og førebu jen-
SIDE 58 PRINSIPP OG RETNINGSLINJERSkann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 58». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/60/