SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 182 skann 184

i sin eigen kommune, og strid som kan stå om slike spørsmål gjere seg kjende med ressursar og viktige næringar på heimstaden, i heimfylket og grannefylka og i landet vårt, mellom anna med samiske næringar utforske busetjingsmønsteret på heimstaden og i heimfylket og arbeide med hovuddrag ved busetjinga i grannefylka og elles i landet Samfunnskunnskap - mennesket i møte med samfunnet I opplæringa skal elevane arbeide vidare med allment aksepterte normer og reglar for folkeskikk, samvær og samhandling. Arbeide med og utforske forhold som er viktige for samspel mellom menneske i ulike roller: foreldre og barn, gutar og jenter, kvinner og menn, lærarar og elevar og mellom venner. Øve seg i å sjå og handtere konfliktar bli kjende med kva eit samfunn er og korleis normene i det endrar seg. Lære om reglane i skulesamfunnet og ta del i arbeidet i rådsorgan og erfare korleis reglane dei er med på å fastsetje, påverkar skulekvardagen undersøkje korleis samfunnet har innretta seg for å dekkje behova vi har. Arbeide både med offentlege og private ordningar som til dømes helse, sjukehus, brannstell, politi, bank, forsikring, varehandel og ulike former for produksjonsverksemd ■ ■ 6. klasse Historie - frå dei eldste tidene og fram til om lag år 1750 I opplæringa skal elevane bruke ulike kjelder for å lære om dei viktigaste hendingane på vegen mot samlinga av Noreg til eitt rike. Arbeide med og utforske samfunnsutviklinga i Noreg og Norden frå vikingtida fram mot svartedauden, og bli kjende med personar som til dømes Olav den heilage og kong Sverre. Orientere seg om liv og virke hos samane i denne tidsperioden - bli kjende med framståande menn og kvinner frå europeisk mellomalder som til dømes Karl den store, Gange-Rolv, Frans av Assisi og Jeanne d'Are. Bli kjende med levevis, samfunnsordningar, konfliktar og menneskesyn i denne tida og høyre om til dømes krosstoga - arbeide med viktige oppdagingsreiser og framvoksteren av dei mongolske og arabiske verdsrika. Bli kjende med personar som til dømes Marco Polo, Djengis Khan og Muhammed Geografi - omverda vår I opplæringa skal elevane - øve seg i å bruke kart for å lokalisere viktige fjellområde, elvar, land og byar i Norden og andre regionar i Europa. Lage planar for reiser til ulike europeiske reisemål - arbeide med landa i Norden og eit utval land frå andre delar av Europa med vekt på landskapstypar, ressursar, næringar, busetjing og levevis - gjere seg kjende med korleis produksjon og forbruk fører til forureining av jord, vatn og luft, og det arbeidet som blir gjort for å råde bot med forureiningane Samfunnskunnskap - mennesket i møte med samfunnet / opplæringa skal elevane - bli kjende med viktige institusjonar i demokratiet vårt: dei politiske partia, Stortinget, regjeringa, Sametinget, fylkesting, kommunestyre, rettsstell og forsvaret - samanlikne forholda i samfunn med og utan ytringsfridom og sjå verdien av ytringsfridom for einskildmenneske og samfunn. Få røynsle med frie medium som ein SIDE 182 SAMFUNNSFAG
Skann 184 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 182». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/184/