SKARD English

Læreplanverket 1997 s. 127 skann 129

■ ■ 9. klasse Lytte og tale I opplæringa skal elevane - ta opp dagsaktuelle spørsmål og andre tema dei er opptekne av, til kritisk og etterprøvande samtale. Utvikle ein idé, grunngi, tale for og forsvare eit standpunkt - tileigne seg litterært stoff og fagstoff gjennom dramatisering og framføring, arbeide med ulike måtar å framføre lyrikk på - framføre viser, songar, rocketekstar og samtale om innhald og språk - vurdere etiske og estetiske sider ved utval og fokus i musikkvideoar og ungdomsprogram på fjernsyn - tileigne seg litterært stoff og fagstoff gjennom dramatisering og anna scenisk framføring, presentere prosjektarbeid og bli medvitne om kva framføringa har å seie for oppleving og forståing -studere debattprogram på fjernsyn med vekt på om dei er saklege eller usaklege Lese og skrive I opplæringa skal elevane - lese ein roman frå eit europeisk land -fordjupe seg i nasjonalromantikken, sjå korleis han voks fram i litteratur, språk, musikk og biletkunst lese eit utval tekstar av forfattarar som til dømes Camilla Collett, Bjørnstjerne Bjørnson, Jonas Lie, Alexander Kielland og Amalie Skram og få eit visst bilete av tida dei levde i og kva dei var opptekne av arbeide med eit utval lyrikk av forfattarar som til dømes Henrik Wergeland, Johan Sebastian Welhaven, Arne Garborg, Sigbjørn Obstfelder, Arnulf Øverland, Nordahl Grieg, Tor Jonsson, Jakob Sande, Inger Hagerup, SIDE 127 NORSK Olav H. Hauge, Rolf Jacobsen, Halldis Moren Vesaas og nyare forfattarar, og skrive eigne dikt arbeide med eit utval humoristisk litteratur frå nyare og eldre tid, norsk og omsett. Eksperimentere med humor og ironi i si eiga skriving -undersøkje verdiar, tenkjemåtar og livsførestellingar i den samiske kulturen gjennom å lese eit utval moderne samisk litteratur, dikt, forteljingar og noveller - lese og arbeide med argumenterande tekstar, prøve ut struktureringsmåtar, spesifisering, generalisering og eksperimentere med verkemiddel - lese essay og skrive essayliknande tekstar - bruke sidemål som arbeidsspråk for skriftleg arbeid i periodar - studere reklame og lære om funksjon og verkemiddel, og lage reklame der dei tek i bruk bilete og tekst - bruke datanett til kontakt med elevar i andre nordiske land, vere med i diskusjonsgrupper. Gjere seg nytte av informasjonssøking, systematisering og lagring av innhenta materiale Kunnskap om språk og kultur I opplæringa skal elevane - finne ut noko om utviklinga av språk og skrift i tekstar. Arbeide med litteratur, litteraturhistorie og språkhistorie i samanheng og setje forfattarar dei arbeider med, inn på ei tidslinje. Samtale om samanhengen mellom litteratur og sosial og politisk historie for å forstå korleis dikting, språk og samfunnssituasjon kan påverke kvarandre - arbeide med nokre sentrale trekk ved sakprosa, til dømes underbygging, om tekstane er saklege, kva dei legg vekt på og omgreps-
Skann 129 av Læreplanverket 1997
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Læreplanverket 1997, s. 127». Versjon 2026-09-28. /planer/l97/l97-komplett/s/129/