SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 93 skann 97

93 Mål og middel i skolen. Føremål. Målet for Q-årig skole er i Lov om folkeskolen frå 10. april 1959, § 1, formulert slik: «Skolen har til oppgåve saman med heimen å arbeida for at elevane skal bli gode samfunnsmenneske. Han skal hjelpa til å gjeva elevane ei kristeleg og moralsk oppseding, utvikla deira evner og anlegg og gje dei god allmennkunnskap, slik at dei kan bli gagns menneske både åndeleg og kroppsleg.» I norsk skole høyrer målsetjingsspørsmål ikkje til dei best klårlagde. Innanfor den pedagogiske filosofien vil elles ulike syn på målet for oppsedinga brytast. Berande tankar om oppgåvene for ein barne- og ungdomsskole for alle kan vi kanskje ordleggje såleis: Å oppsede elevane individuelt og samfunnsmenneskeleg etter ein fast plan som tek omsyn til elevføresetnader når det gjeld alder og mognad; å føre dei inn i godtekne, verdfulle åtferdsmønster; å gje dei innviing i den mangslungne kulturarven; å hjelpe, dei til å bli klår over og gjere bruk av sine eigne evner; å by dei kunnskap såleis at kunnskapen får meining og verd; å utvide interessene deira og dermed skape nye vilkår for lukke og framgang; å leie dei til trivnad med gode sosiale samlivsformer og eit høveleg yrke; å øve dei til å tenkje sjølve i all si ferd; å by dei undervisningsplanar som høver for individuelle evner og interesser; å førebu dei for ein vidare skolegang med tanke på eit yrke, eit studium, eller beinveges for arbeids- og samfunnslivet, å hjelpe dei til større dugleik andsynes livsoppgåver som kallar på løysing hos menneska, einskildvis og i samspel med medmenneske. Dei organisatoriske siktemåla for ein utvida allmennskole for alle i vårt land har vori utforma slik: 1) Å byggje ut ei vidare allmennutdaning for alle fram til 16 —17- årsalderen i samsvar med evner og interesser.
Skann 97 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 93». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/97/