SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 92 skann 96

Faget tysk er valfritt, og dei elevane som sløyfar tysk, får auka timetalet i andre fag. Timebyteplanen for desse elevane får ein ved å setje timetala som står i parentes () i staden for timetala i dei same faga i kolonnen til venstre. Til vanleg vil alle elevane lese engelsk, men elevar som sløyfar tysk, har høve til å sløyfe engelsk og. Slike elevar får 4 ekstra timar til andre fag, etter fritt val. Valfridomen vil bli relativt sterkt avgrensa av di eit visst minste tal elevar må velje dei same faga for at undervisninga kan bli sett i gang. I 9. klasse blir valfridomen monaleg større. Der vil elevane kunne velje mellom fleire faggrupper. I fag- og timebyteplanen (tabell IV) er dei obligatoriske faga (med 16 timar pr. veke) skilde ut i eigen kolonne. Blant dei obligatoriske faga er det berre norsk som er plandelt fag. For dei 20 timane som er att pr. veke, vil elevane bli fordelte etter val av faggrupper, som vist i tabellen. I timebyteplanen for dei einskilde faggruppene er det høve til å velje mellom ulike alternativ for nokre av faga. T. d. kan ein velje auka timetal i faget matematikk ved å minske timetalet tilsvarande i visse andre fag. Ein kan og velje å sløyfe matematikk og nytte timane til andre fag. Slike tilvalsalternativ er viste i timebyteplanen og er merkte med ulike parentesar () [].
Skann 96 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 92». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/96/