SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 84 skann 88

er gjorde etter at første utgåva av Læreplanen var trykt. Dette har vori nødvendig av di ein her har å gjere med ei ny verksemd som ikkje var særleg utprøvd i dei tradisjonelle skoleslaga. Skolerådgjevar er innført som tittel for den læraren som tek hand om rådgjevingsoppgåvene. Kapitlet «Praktisk arbeid» i den opphavlege læreplanen handlar for det meste om aktivitetar som høyrer til faga forming (verkstadarbeid), heimkunnskap og landbruksfag i 9. klasse. I den nye utgåva har vi funni det formålstenleg å ta desse emna med under planane for vedkomande fag. «Praktisk arbeid» er dermed gått ut som eige kapittel, men sakleg sett fører ikkje dette til noka endring. Sidan førsteutgåva kom, har departementet godkjent ei ordpensumliste for engelsk på om lag 2000 ord for 9-årig skole, og kravet om aktive ord er minska tilsvarande. Dette får verknad for alle klassestega i ungdomsskolen. Lista over grammatiske moment er sløyfa i denne utgåva. I førsteutgåva var alternativplanen for tysk sett opp for seg. I denne utgåva nyttar ein nemningane Plan 1 og Plan 2 på dei to tyskplanane. Undervisningsmetodar og rettleiing er behandla under eitt, medan det er separat omtale av målsetjing, skriftlege øvingar og leseplan. Oslo i februar 1964. FORSØKSRÅDET FOR SKOLEVERKET Ola Laukli. Hjalmar Seim. r
Skann 88 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 84». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/88/