SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 83 skann 87

83 FORORD TIL ANDRE UTGÅVA Sidan første utgåva av Læreplan for forsøk med 9-årig skole kom ut, er det gjort nokre justeringar. Stortinget har i si behandling av «Innstilling fra Kirke- og undervisningskomitéen om forsøksvirksomheten i skoleverket» (Innst. nr. 219, jfr. St.m. nr. 75 for 1959 —60) uttalt at undervisninga dei første 7 skoleåra skal vere udifferensiert, men at unnatak framleis kan gjerast for faget engelsk. Ved same høvet uttalte Stortinget at timetalet for kristendomskunnskap skulle aukast frå 1 til 2 timar for veka i 8. og 9. skoleår. Departementet avgjorde deretter at desse timane skulle takast frå samfunnsfag og engelsk. Desse endringane førte med seg revisjon av fagplanane for engelsk, kristendomskunnskap, matematikk, naturfag, norsk og samfunnsfag. Endringane, som i 1963 vart trykte som «Vedlegg 2 til Læreplanen», er nå innarbeidde i den nye utgåva. Departementet har gjort ein del endringar i minstetimetalet i 9-årig skole og har og godkjent ein timebyteplan med færre halvtimar. Fagog timebyteplanane i den nye utgåva er sette opp på grunnlag av dette. Begrepa «liner» og «greiner» er ikkje nytta i denne utgåva. Skolane organiserer no undervisningsgruppene på basis av kursplanar og faggrupper. Somme kapittel er noko omarbeidde i den nye utgåva, og nokre avsnitt, som t. d. lister over utstyr og undervisningsmiddel i dei einskilde fagplanane, er ikkje tekne med, heller ikkje dei spesifiserte krava til avgangsprøva. Kapitlet «Rådgjeving og yrkesorientering» er skrivi noko om, slik at det svarar til dei retningsliner som no gjeld for yrkesorienteringa. I nokon mon er det og gjort endringar på grunnlag av røynslene som
Skann 87 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 83». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/87/