SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 119 skann 123

119 i) namn på yrket 2) i kva for verksemder eller institusjonar yrket finst 3) kva arbeidet går ut på 4) arbeidsmiljø (gruppe, aleine, samarbeid med andre, over- eller underordna, inne eller ute osv.) 5) materialar, verkty, reiskapar, maskinar 6) eigenskapar som gjer at ein passar eller ikkje passar i yrket 7) teoretisk og praktisk opplæring som krevst 8) skolar og opplæringsstader 9) utgifter til utdaning, høve til stipend og lån 10) løn for lærlingar og fullt utlærte 11) andre opplysningar. Når gruppene er ferdige med svara sine, bør dei lesast opp i klassen og drøftast, og gruppene må vere førebudde på å svare på spørsmål om yrket. Dermed får orienteringa ei viss breidd, idet heile klassen får vite noko om alle dei yrka som er skildra. Det er dessutan verdfullt at elevane som gruppe står ansvarlege for å orientere klassen om «sitt yrke». Under denne orienteringa vil sjølvsagt sjølvvurdering i nokon mon kome inn, jamvel om ein ikkje sjølv er klar over det. Elevane vil under yrkesorienteringa utan vidare vurdere sine eigne interesser og anlegg i høve til dei krava yrka set. For å få ein meir systematisk kunnskap om evner og anlegg kan elevane fylle ut sjølwurderingsskjema (f. eks. etter mønster av «Vegen inn i yrkeslivet»). Berre når eleven ønskjer det, bør læraren hjelpe til med sjølvvurderinga. Den framgangsmåten som er skildra her, vil ein også kunne nytte når ein skal gjennomgå dei andre arbeidsområda (sjå disposisjonen side 48). Ein kan variere metodane etter art og mengd av stoffet. Gruppeoppgåver kan skifte med individuelle oppgåver; noko av stoffet i brosjyrar og bøker kan elevane få som heimelekser. Besøk på verksemder, institusjonar og skolar kan leggjast inn der det fell naturleg. Stundom kan det vere gunstig å invitere yrkesutøvarar til å halde foredrag. Det kan visast filmar og biletband. Elevane eller elevgrupper kan lage arbeidsbøker.
Skann 123 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 119». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/123/