SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 118 skann 122

118 Elevane må få høve til — f. eks. gjennom samtalar i klassen og med utfylling av sjølwurderingsskjema — å ta stilling til yrke og yrkesområde ut frå det synet dei har på seg sjølve, sine behov og sine anlegg for ulike aktivitetar. Ein gjennomgår utdanings- og opplaeringstilhøve (skolar og læretilhøve) samstundes med at ein tek for seg eit yrke. Dersom ein tek utgangspunkt i disposisjonen framanfor, kan ein gjennomgå yrkesgrupper og aktivitetsformer f. eks. på denne måten: Ein gjev døme på yrke der omgang med menneske er eit viktig drag. (Sjå f. eks. «Vegen inn i yrkeslivet», avsnittet «Arbeid der ein får mykje med menneske å gjere».) Frå ein biletbandserie viser og kommenterer ein ein eller fleire av dei rullane som handlar om tenesteytande yrke. Det må understrekast at omgang med menneske berre er ei side av desse yrka, og at alle yrke aktiviserer ei lang rekkje interesser og anlegg. Utdaninga og opplæringa blir drøfta samstundes med orienteringa om sjølve yrket. Ein bør la elevane arbeide aktivt med stoffet. Ein kan f. eks. dele dei i grupper som får kvart sitt yrke dei skal skildre meir inngåande. Gruppene kan velje fritt, eller ein kan setje opp ei liste som dei kan velje frå, f. eks.: ekspeditør konduktør lærar sjukegymnast sosialarbeidar servitør sjukepleiar frisør. barnepleierske Ein kan også la elevane knyte oppgåva til utplasseringa i arbeidslivet. Gruppene bør få rettleiing om ein viss arbeidsmetode når dei skal arbeide ut svara. Dei kan besøkje ein arbeidsplass, eller iallfall intervjue ein yrkesutøvar som læraren viser til. Dette intervjuet må kunne gjerast utanfor skoletida. Vidare bør elevane lære å finne fram i Yrkeskartoteket og i Skoleplankartoteket, slik at dei kan skaffe seg nokre opplysningar på førehand og eventuelt supplere og korrigere dei opplysningane dei får på arbeidsplassen. Ein kan arbeide ut eit fast skjema som minneliste for elevane, jamvel om ikkje alle yrke passar inn i skjemaet. Dette skjemaet må innehalde følgjande punkt:
Skann 122 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 118». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/122/