SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 115 skann 119

115 om talet på yrkesutøvarar i dei ulike gruppene. Stoffet blir ordna grafisk, f. eks. i form av eit stolpediagram eller ein sirkel med sektorar for kvar gruppe. Deretter går ein over til å sjå på yrkesfolket i fylket og i heile landet. Ein gjev ei innføring i kva dei ulike næringane lagar, eller kva tenester dei yter, og kva for hovudyrke som er representerte i kvar næringsgrein. (Jfr. brosjyren «Vi vil bli til noko».) Statistisk årbok har opplysningar om korleis yrkesfolket er inndelt etter næringane. Meir detaljerte opplysningar finst i spesialhefte om bedriftsteljingane. Tala blir ordna grafisk på same måten som tala for heimekommunen. Ved å samanlikne diagramma for heimekommunen, fylket og riket viser ein kor variert det norske næringslivet er. Elevane gjer — gjerne anonymt — greie for yrkesønska sine. Læraren forklarer at dei fleste av desse ønska er svært vanlege blant unge menneske, men dei samsvarar dårleg med yrkesstrukturen. Derfor gjeld det at elevane granskar yrka nærmare, for å finne fram til fleire alternativ. Omgrepet «moteyrke» blir drøfta med klassen. (Ein går ikkje nærmare inn på samanhengen mellom yrkesval og evner i 7. klasse.) I god tid før elevane skal velje planar og fag for neste år, får dei eit oversyn over kva dei kan velje. Krava til prestasjonsevne på dei ulike kursplanane blir klargjorde så langt det er mogleg. Ein prøver å få elevane til å skjøne at når dei vel planar og fag, bør dei ta omsyn både til sine prestasjonar og til sine vidare utdaningsplanar. B. Yrkesorienterande undervisning i 8. KLASSE Yrkesorienteringa i 7. klasse tok sikte på å gje eit oversyn over yrkeslivet, utan at elevane vart spesielt oppmoda til å ta stilling til val av yrke. I 8. klasse skal ein i nokon mon sjå yrka frå ein psykologisk synsstad. Ein må drøfte både dei høva yrka gjev til interesseutfalding og dei krava som blir sette til utøvaren. Dermed vil elevane naturleg førast inn i det eigentlege yrkesval-resonnementet: å vurdere sine eigne interesser og anlegg i høve til krava i dei ulike yrka. Ein kan i denne samanhengen ta opp omgrepet arbeidsglede og peike på kor viktig det er at det er samsvar mellom evner og anlegg og kravet til prestasjonar i det yrket ein vel.
Skann 119 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 115». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/119/