SKARD English

Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963 s. 114 skann 118

NJ IV. Plan for teoretisk yrkesorientering. Den yrkesorienterande undervisninga skal først og fremst gje opplysningar om utdaning og opplæring, yrke og arbeidsliv. Dessutan skal ho få elevane til etter kvart å ta stilling til vidareutdaning og yrkesval ut frå sine interesser og sine anlegg på ulike område. Ein må unngå å presse fram umogne yrkesval. Tvert imot skal det gjerast klart for elevane at det er spørsmål om ein utviklingsprosess, og at dei vala ein tek, ikkje må gjerast meir bindande enn situasjonen krev. Det må understrekast at det seinare er høve ti] eller kan bli nødvendig å skifte over til andre arbeidsformer og yrke. Så langt råd er skal det yrkesorienterande stoffet integrerast med og leggjast naturleg inn i den vanlege undervisninga. Planen må ein derfor ikkje sjå på som eit lausrivi kurs, men som ei avgrensing av stoffet og ei metodisk rettleiing for læraren. A. Yrkesorienterande undervisning i 7. klasse Ein freistar gjennom lesing og samtalar å gje elevana eit inntrykk av kor variert yrkeslivet er. Ein gjev eit oversyn over samansetninga i næringslivet og fordelinga av yrkesfolket i kommunen, fylket, landet. Tradisjon og fordommar i samband med omgrepa «mannsyrke» og «kvinneyrke» blir drøfta. Planvalsituasjonen føre 8. klasse blir diskutert generelt Moment til arbeidsplan: Ein kan ta utgangspunkt i ei tillaga vare — f. eks. eit næringsmiddel, eit industriprodukt el. 1. — og la elevane finne ut kva for yrke som har samarbeidt om tilverkinga. (Eks.: For å byggje eit hus krevst det innsats av arkitekt, anleggsarbeidarar, murarar, snikkarar, elektrikarar, røyrleggjarar, målarar, tapetserarar, glasmeistrar osv. Dessutan har administratorar, kontorfolk og butikkekspeditørar vori med, forutan alle som har laga til materialane. Alle er spesialistar på sine felt og kan ikkje greie alt arbeidet aleine.) Ein bør vise biletband der desse yrka er representert. Om mogleg vitjar klassen ein arbeidsplass som gjev døme på samarbeid mellom fleire yrke. Dette vil skape eit naturleg utgangspunkt til å studere arbeidslivet i heimekommunen. Frå arbeidsformidlinga skaffar ein opplysningar 114
Skann 118 av Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · Vedlegg 2, 1963, s. 114». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-tillegg-2-1963-komplett/s/118/