13
Mål og middel i skolen.
Føremål.
Målet for 9-årig skole er i Lov om folkeskolen frå 10. april 1959
§ 1, formulert slik:
«Skolen har til oppgåve saman med heimen å arbeida for at elevane
skal bli gode samfunnsmenneske.
Han skal hjelpa til å gjeva elevane ei kristeleg og moralsk oppseding,
utvikla deira evner og anlegg og gje dei god ålmennkunnskap,
slik at dei kan bli gagns menneske både åndeleg og kroppsleg.»
I norsk skole høyrer målsetjingsspørsmål ikkje til dei best klårlagde.
Innanfor den pedagogiske filosofien vil elles ulike syn på målet
for oppsedinga brytast. Berande tankar om oppgåvene for ein barne -
og ungdomsskole for alle kan vi kanskje ordleggje såleis:
Å oppsede elevane individuelt og samfunnsmenneskeleg etter ein
fast plan som tek omsyn til elevføresetnader når det gjeld alder og
mognad; å føre dei inn i godtekne, verdfulle atferdsmønster; å gje
dei innviing i den mangslungne kulturarven; å hjelpe dei til å bli klår
over og gjere bruk av sine eigne evner; å by dei kunnskap såleis at
kunnskapen får meining og verd; å utvide interessene deira og dermed
skape nye vilkår for lukke og framgang; å leie dei til trivnad med gode
sosiale samlivsformer og eit høveleg yrke; å øve dei til å tenkje sjølve
i all si ferd; å by dei undervisningsplanar som høver for individuelle
evner og interesser; å førebu dei for ein vidare skolegang med tanke
på eit yrke, eit studium, eller beinveges for arbeids- og samfunnslivet;
å hjelpe dei til større dugleik andsynes livsoppgaver som kallar på
løysing hos menneske, einskildvis og i samspel med medmenneske.
Dei organisatoriske siktemåla for ein utvida ålmennskole for alle
.A vårt land har vori utforma slik:
1) Å byggje ut ei vidare ålmennutdaning for alle fram til 16 —17-
i samsvar med evner og interesser.Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket
Siter
Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-komplett/s/15/