SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 43 skann 45

43 Rådgjeving og yrkesorientering. Rddgjevingstenesta ved den einskilde ungdomsskolen skal ta sikte på å løyse slike vanskar og problem som er vanlege hos skoleelevar på dette alderssteget. Ho skal dessutan sørgje for nødvendig kontakt med spesialistar og institusjonar som kan ta seg av særlege problem av ulik art. Det blir i første rekkje tale om skolepsykologisk kontor og dessutan psykiatriske og andre medisinske institusjonar, inklusive den medisinske service ved vedkomande skole. Rådgjevingstenesta skal også ta seg av samarbeidet med spesialinstitusjonar som barnevernsnemnd, arbeidsformidling osv. Yrkesorienteringa skal hjelpe til å leggje grunnlaget for forståing og samkjensle mellom individ og grupper som høyrer til ulike yrke og miljø. Det har til føresetnad at alle elevar får visse kunnskapar om vanlege yrke og arbeidsmiljø, om det som er felles for yrka og det som skil dei frå kvarandre, om innbyrdes tilhøve og samanheng mellom yrkesgruppene. Vidare skal yrkesorienteringa gje opplysningar som kan hjelpe elevane når dei skal velje vidareutdaning og yrke, og telje dei til å finne ut kva interesser og føresetnader dei har for ulike aktivitetar. II. Organisering. i. Individuell rådgjeving og yrkesorientering. Til individuell rådgjeving og kontaktarbeid, medrekna individuell yrkesorientering, kan skolen setje av spesielle timar etter dei reglane som gjeld til kvar tid. Dei tenestemennene som blir tilsette spesielt for å arbeide med rådgjeving, blir kalla skolerddgjevarar og må ha slike kvalifikasjonar I. Mål.
Skann 45 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 43». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/45/