SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 22 skann 24

22 Merknader til fag- og timebyteplanen for forsøk med g-årig skole. Sidan «Læreplan for forsøk med 9-årig skole» vart gjeven ut i 1960, er det gjort visse endringar i fag- og timebyteplanen. Dette er det teke omsyn til i 2. utgåva av «Læreplan for forsøk med 9-årig skole». A. Barneskolen — 1. — 6. klasse Med heimel i Lov om forsøk i skolen frå 8. juli 1954 har Kyrkjeog undervisningsdepartementet ved kgl. resolusjon frå 31. august 1962 fått fullmakt til å fastsetje lesetida ved forsøk med 9-årig obligatorisk skole. Kyrkje- og undervisningsdepartementet har i samråd med sine sakkunnige råd funni at ein ved overgang til 9-årig skole kan fastsetje eit minstetal for 4. og 5. klassesteget på 24 timar pr. veke i staden for 30 timar pr. veke. Minstetimetalet pr. veke for dei 6 første skoleåra blir da 123 timar i 38 veker, eller samla 4674 timar. For 7. — 9. klassesteget er lesetida pr. klasse 36 timar pr. veke i 38 veker, eller samla 4104 timar. Etter Lov om folkeskolen frå 10. april 1959 § 5 nr. 1 kan undervisningstida i 7-årig folkeskole vere opp til 1050 timar i gjennomsnitt for alle klassane, grunna på den tidlegare maksimumslesetida i byskolen, 192 timar pr. veke i 7 oppstigande klassar. Kyrkje- og undervisningsdepartementet har funni det rimeleg at timetalet 192 timar blir gjort gjeldande som høgste lesetid for dei 7 første åra i 9-årig skole, og slik at høgste lesetid for dei første 6 åra — barneskolen — blir 156 timar pr. veke i 38 veker, eller samla 5928 timar. Ut frå dette har Kyrkje- og undervisningsdepartementet med heimel i Lov om folkeskolen frå 10. 4. 59, § 5, nr. 4, fastsett desse grensene for lesetida i forsøksordna 9-årig skole: i. Minste lesetid : i. — 6. klassesteg: 123 timar pr. veke i38 veker = 4674 timar 7- —9- « 1368 « « år i3 år = 4104 « Minste lesetid for 1. — g. klassesteg 8778 timar.
Skann 24 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 22». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/24/