SKARD English

Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966 s. 13 skann 15

13 FORORD TIL FØRSTE UTGÅVA Det framlegg til læreplan som her ligg føre, gjeld forsøk med 9-årig skole. Planen byggjer på dei timebyte for forsøk med 9-årig skole som var med i Melding om forsøk i skolen for 1956/57 og som vart kunngjort i «Norsk skole. Opplysnings- og kunngjøringsblad for skoleverket», nr. 5 1958, s. 74 og s. 84 —91. Einskildplanane er blitt til i samarbeid med sakkunnige på ulike fagområde med skolerøynsle frå arbeid med elevar på dei alderssteg det her gjeld. Utkast har vori drøfte med om lag 70 leiarar og lærarar frå folkeskolen, framhaldsskolen og den høgre skolen ved kurs om forsøk i skolen på Romerike folkehøgskole, Jessheim, i tida 7. —17. juli 1958. Reviderte utkast og nye utkast var hausten 1958 framme i møte med fagfolk og målsmenn frå lærarsamskipnader som på førehand hadde sagt seg interesserte i å vere med og drøfte planutkasta. Framlegg til planar for forsøk med 9-årig skole vart så tekne opp med om lag 80 leiarer og lærarar frå dei forsøksordna linedelte ungdomsskolane på Romerike folkehøgskole i tida 29. juni—5. juli 1959. Elles har ei rekkje skolefolk vori rådspurde om planutkasta. Forsøksrådet har arbeidt med spørsmålet om læreplanar for 9-årig skole i 1955, 1956, I 957> °g planutkasta har vori drøfte på møte i rådet i 1958 og 1959. Planane som dei no ligg føre, er opplegg frå Forsøksrådet til arbeidsgrunnlag for forsøksordna skolar og for lærebokskrivarar. For einskilde fag femner dei om både barneskolen og ungdomsskolen, for andre om berre ungdomsskolen, medan det for 1. — 6. eller 1. —5. klasse blir vist til gjeldande Normalplan for lands- og by-folkeskolen (for engelskfaget til «Barne- og ungdomsskolen for alle tar form», nr. 2 i serien Forsøk og reform i skolen). På ungdomsskolesteget er det for fleire einskildfag eller faggrupper utarbeidt alternative planar, som det er gjort nærare greie for i sjølve planframlegga. Det melder seg eit kompetansespørsmål i samband med kvart alternativ.
Skann 15 av Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Siter

Læreplanatlas. «Forsøksplanen 1960 · 2. utgåve 1966, s. 13». Versjon 2026-09-28. /planer/l60/l60-1966-komplett/s/15/