SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 217 skann 221

217 Ekstensiv lesin, Dette £ret skal eleven få Øving i å oppfatte det vesentlege i ein ukjend tekst utan å hekte seg i detaljar. Tekstane ein vel, må vere språkleg lette, og innhaldet må vere eigna til å vekkje interesse. Ei av dei mindre ættesogene kan tene dette føremålet. Det kan vere verdt å prøve å gi slikt stoff som langlekse. Til avtala tid samtalar klassa om innhaldet og svarar på kontrollsprørsmål. Det vil falle naturleg at ein vekslar mellom intensiv og ekstensiv lesing. Elevane bør stimulerast til å lese noko norrøn litteratur i omsetjing. <Jfr. Andre arbeidsformer). Skriftleg, Skriftlege Øvingar blir ein fast del av opplæringa dette året. Det kan høve med slik øving 3. kvar veke. Eit stykke ute i kurset blir det bruk for større prøver som krev meir tid. Dette må ein ordne i samarbe med andre faglærarar. Dei skriftlege oppgåvene fell i to delar: Omsetjing og kommentar. Eleven skal setje om ein ukjend norrøn tekst til bokmål eller nynorsk. Nynorsk skriftmål står norrønt nærmast; derfor vil det både språkleg og stilistisk vere lettast å setje om til nynorsk. Læraren bør gjere elevane merksam på dette. Eleven skal svare på språklege og reale spørsmål frå teksten* Det blir såleis godt samsvar mellom denne oppgåvetypen og den intensive lesinga. Andre arbeidsformer. På same måten som i andre fag kan ein ta i bruk friare arbeidsformer, Gruppearbeid og/eller sjølvstendige arbeidsoppgåver om kulturhistoriske, språklege eller litterære emne o.s.b. bør ein få plass til på dette klassesteget* Resultata skal presenterast for klassa, og dei elevane som høyrer på, skal venje seg til å notere det viktigaste av det som vert lagt fram*
Skann 221 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 7

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 217». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/221/