SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 216 skann 220

216 Døme på slike emne er: Innsamling av ord og nemningar knytte til gammalt arbeidsliv (husflid, kledetilverknad, matstell, utearbeid osv.), målførestudium, språk i folkeviser og segner, emne frå norrøn mytologi, tru og skikk. I praksis vil dette gå føre seg på det viset at desse elevane arbeider sjølvstendig, individuelt eller i grupper, medan læraren underviser dei andre elevane på vanleg måte. Når elevane med norrønt som tilvalsfag har skriftlege øvingar o.l., kan læraren stå til disposisjon for dei elevane som driv med særoppgåver. Resultatet av eit slikt arbeid legg elevane fram for samla klasse i skriftleg eller munnleg form. Arbeidsmåten i 5-timars kurset. I dette kurset byggjer ein vidare på det grunnlaget som er lagt i 3-timarskurset. Mykje av det som er sagt om arbeidsmåten ovanfor, gjeld og for kurset i 3. klasse. Men kunnskapskrava blir strengare på dette steget. Dette får følgjer for arbeidet. Det kan vere fornuftig å bruke dei første timane til å friske opp att hovudpunkt i grammatikken. Tidleg i kurset må ein og kome i gang med eit grundigare og meir systematisk arbeid med språket. Læraren forklarar og illustrerer viktige avsnitt av lydlæra og eldre språkhistorie. Han går og grundigare inn på formverket. Ein tar sikte på at elevane etter kvart skal få forståing av og oversyn over viktige sider av setningslæra. Munnleg. Intensiv lesing. Omsetjing frå norrønt til moderne norsk er ei viktig forr for øving gjennom heile kurset. I denne klassen blir det sett strengare krav til omsetjinga. Meininga i den norrøne teksten skal kome fram så nøye som råd. Samstundes skal omsetjinga ha ei grei og naturleg form. Ein legg vekt på å øve opp sansen for stiltone hjå elevane. Elevane skal og få trening i å gi språklege og reale forklaringar på problem i teksten. Dei språklege spørsmåla skal vere henta frå alle viktige sider ved det norrøne målet. Men når det gjeld omfanget av realkunnskapane, må ein byggje meir på eit skjønn.
Skann 220 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 6

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 216». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/220/