SKARD English

Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning s. 208 skann 212

208 2.2. Kommentarar til målet. I arbeidet med norrønt mål må ein lære elevane å lese og skjøne sjø hovudformene i bøyingsverket. Dei kjennskap til ordtilfanget at dei lett ein vanleg norrøn prosatekst ein leggje hovudvekta på å sjølve målet. Dei skal lære Dei skal og få så god dei kan greie å lese tolleg Det første året skal elevane lære dei vanlegaste bøyingsmønstra z medan avvikande former blir tekne som unnatak. Av lydutvikling og setningslære tar ein berre med det scm tener til å lette forståinga av tekstane. I påbyggingskurset skal ein krevje ein nokså stø kjennskap til formverket i norrønt. Elevane skal sjå lydutviklinga i samanheng med den språkhistoriske framvoksteren. Dei skal og få ei forståing av særdrag i norrøn setningsbygning. Dei skal lære å nytte desse kunnskapane til å kunne tolke ukjente tekstar. Arbeidet med norrønt mål skal gi dei ei innføring i eit språksystem scm på mange måtar skil seg frå det dei sjølve nyttar. Men dei vil og kjenne mangt att frå sitt eige mål, ikkje minst når ein går ut frå målføra. Elevane skal venjast til å leggje merke til likskapar og ulikskapar og reflektere over dei. Ein skal leggje vinn på å styrkje evna til å oppfatte særdrag i eit språksystem og å skjerpe sansen for slike særdrag i deira eige mål. Elevane skal lære seg til å sjå kor mykje som enda lever av gammal språkarv t.d. i stadnamn og gamle nemningar. Gjennorn slik jamføring mellom det gamle målet og norsk mål i vår tid skal elevane få auge på nokre av dei drivkrefter som har forma utviklinga i målet. Eit slikt innsyn i språkutviklinga skal lære dei til å forstå betre språkstoda vår i dag og å sjå ho i lys av den historiske utviklinga.
Skann 212 av Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 3

Siter

Læreplanatlas. «Læreplan for gymnaset 1974 · del 3A allmenn studieretning, s. 208». Versjon 2026-09-28. /planer/gymnas-1964/laereplan-gymnaset-1974-allmenn-studieretning/s/212/