SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 68 skann 70

— 68 — Gymnaset. Opplæringa i historie og samfunnslære i gymnaset har til føremål: 1. Å orientere elevane, jfr. mål for opplæringa i realskolen. 2. Å vekkje sans for dei viktigaste drivkreftene i samfunnsvoksteren i fortid og notid med tanke på å fremje samkjensle hos elevane med det samfunn og den verd dei lever i. 3. Å lære elevane å arbeide rasjonelt med emne frå historie og samfunn. Pensum. I dei to nedste klassane går opplæringa parallelt med opplæringa i realskolen. Ein legg til grunn ei godkjend lærebok i verdshistorie på om lag 250 sider vanleg oktav. Dessutan les ein i dei høgre klassane: I. Utvalde bolkar (epokar) av historia i gamaltid, mellomalder og nytid, som skal gje vidare innføring i verdshistoria før 1815. Ein kan velje mellom to alternativ: A. Ein les 7 obligatoriske epokar: 1) Aten i stordomstida, 2) Roma i keisartida, 3) Lenssamfunn og kyrkje ikring 1200, 4) Bysamfunn og borgarkultur i mellomalderen, 5) Sjøhandel og kolonipolitikk på 1700-talet, 6) Den industrielle revolusjonen, 7) Andslivet på 1700-talet. Desse epokane må til saman ikkje ha større sidetal enn 280, og ingen einskild epoke må ha større sidetal enn 50. Elevane nyttar grunnboka til handbok attåt epokelesnaden. B. Ein les 4 obligatoriske epokar: 1) Arven frå antikken, 2) Mellomalderkulturen, 3) Renessanse og reformasjon, 4) Den franske revolusjonen og Napoleon. Til saman skal desse epokane vere på om lag 200 sider. I denne epokelesnaden skal det m. a. vere høvelege originaltekster og bilete, og bokskrivaren bør rettleie om arbeidstilfang og pedagogiske hjelperåder. Ein redaktør bør knyte dei 4 epokane saman med stutte oversyn, som gjev hovudliner i voksteren mellom epokane, slik at epokelesnaden både kan gje innhogg og utsyn og dei viktigaste data i verdshistoria fram til 1815. Dessutan skal ein lese om eitt eller eit par emne som har samband med historie og samfunnslære. Denne lesnaden, som skal vere på om lag 100 sider, kan ein velje fritt; men framstellinga må vere godkjend til skolebruk. Det kan t. d. vere »lengdesnitt« gjennom historia som kunsten, teknikken, samferdsla, jordbruket, individ og samfunn, rettsstaten gjennom tidene; det kan vere utfyllande lesnad attåt pensum i historie eller emne frå samfunnslæra; det kan òg vere aktstykke, t. d. grunnlova. II. Ein skal òg ha ei lærebok i nordisk historie på om lag 200 vanlege oktavsider, som i samsvar med moderne historisk gransking gjev mest
Skann 70 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 2

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 68». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/70/