SKARD English

Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950 s. 27 skann 29

— 27 — I grammatikk nyttar ein lærebok både i hovud- og sidemålet. Til lette for opplæringa i tysk og engelsk lyt ein sjå til at elevane snarast råd er blir støe i kjennskapen til ordklassar og setningslekkar. I hovudmålet skriv denne klassen 8—10 stilar av forteljande, skildrande eller lett resonnerande slag, og av desse om lag halvparten på skolen, 3—4 timar kvar gong. I sidemålet nyttar ein til å byrja med diktat, attforteljing, omsetjing, og siste halvåret nokre lette stilar. 2. klasse. Ein held fram med lesing av same slag som i 1. klassen, men alt før jul bør ein koma i gang med meir systematisk lesing av litteraturen og ta opp større og tyngre verk. No har ein og bruk for ei litteraturhistorie, men for det fyrste berre som handbok og oppslagsbok til dei verk ein les. Alt frå fyrst av i denne klassen må ein ha lagt ein fast plan for litteraturstudiet heilt fram til examen artium. Når det gjeld stilskriving, går ein i hovudmålet etter kvart over til resonnerande stilar, 8—9 i året og av dei 3—4 på skolen (4 timar kvar gong). I sidemålet kan det kanskje vera tenleg av og til med same slag øvingar som i 1. klasse, men etter kvart må ein gå over til stilar her òg, t. d. 4 stilar i skoleåret. 3. og 4. klasse. I desse klassane fell leseplanen med den valfridom ein no har, så nær leseplanen for 5-årig gymnas at ein kan fylgja denne heilt ut. Serpensum i norsk (folkeminnelesnad) på norrønlina. Det blir gjennomgått eit utval av norsk folkedikting og annan folkeminnetradisjon, skriven på bygdemål. Føremålet med denne lesnaden er å gjera elevane meir kjende med norsk folkedikting, gamal folketru, bygdeliv i eldre tid, og med sume av dei sermerkte bygdemåla, og såleis læra dei å sjå samanhengen med den gamle kulturen og det gamle målet. 3. klasse (1 time). Ein byrjar med prosastoffet, og les så langt ein rekk. Av dette skal 50 sider vera pensum. Høveleg lesnad til innføring i folkeminnekunnskap er: R. Christiansen: Norske folkeminne, ymse utgreiingar av Moltke Moe, t. d. Det mytiske tenkesett. Høveleg pensumlesnad er : Eit utval av J. Skar: Gamalt or Sætesdal, eit utval av Ivar Kleiven: I gamle dågå. 4. klasse (1 time). Ein les her eit utval av folkeviser. Omfram eit pensum på 30 sider les ein så mykje ein vinn på. Repetisjon av heile pensumet (80 sider). Til orientering i folkediktinga bør ein lesa K. Liestøl: Norsk folkedikting.
Skann 29 av Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950
Skann i full størrelse hos Nasjonalbiblioteket

Funn på siden 14

Siter

Læreplanatlas. «Undervisningsplaner for den høgre almenskolen 1950, s. 27». Versjon 2026-09-28. /planer/1935/undervisningsplaner-hogre-almenskolen-1950-komplett/s/29/